BLI MED PÅ BUSSTUR TIL TOPPEN AV GEIRANGER – DALSNIBBA 1500 M.O.H. - GEIRANGER SKYWALK
Ein av dei vakraste og mest spektakulære bussturane i Noreg. Ei oppleving du seint vil gløyme! Vi stoppar ved dei berømte utsiktspunkta Flydalsjuvet og Dalsnibba.
I august 2016 blei det nye platået på Dalsnibba offisielt opna. Namnet er Geiranger Skywalk. Underlaget består av rister, og rekkverket er av glas. Dermed kan du sjå rett ned til sentrum og Geirangerfjorden samt til fjella og Blåbreen. Med eit fritt fall på omkring 500 meter får du kjensla av å sveve – sjølv om du naturlegvis står heilt trygt.
- Type tur: rundtur med 2 fotostopp (Geiranger Skywalk Dalsnibba + Flydalsjuvet)
- Lengd: 2 timar 15 min
Pris 2021: NOK 370 (vaksne), NOK 250 (barn 5–15 år), NOK 0 (barn 0-4 år).
Tidsperiode: juni til september: Ikkje daglege avgangar. Sjå bestillingskalendaren for å få informasjon om avgangar
- Kapasitet: 45–48 seter
- audio Guiding: engelsk på bussen
- Inkludert i prisen: Busstur med audio guide og stopp på dei verdsberømte utsiktspunkta Flydalsjuvet (15 min.) og Dalsnibba (20 min.), betalt bomveg til Dalsnibba.
Om vegen til Dalsnibba er stengt, køyrer vi mot Ørnevegen/Ørnesvingen i staden. - Billettar: Kan kjøpast på billettkontoret ved Geiranger turistinformasjon eller online.
- Ved billettkjøp på nett: Din e - bekreftelse er din billett. Denne fungerer som ombordstigningsbevis i bussen. Vennligst vis fram bestillingsbekreftelsen din med QR kode til mannskapet. Sjekk før ombordstigninga at du anten har printa ut, eller at du har billetten klar på din smarttelefon. Det er lurt å lagre denne på telefonen, og eit tips er å ta skjermbilde som du lagrar og har klart når du går om bord i bussen.