Fjordranger basecamp-program
Skreddarsydd utandørs aktivitetsprogram for interaktiv læring, utforsking og lagarbeid
Er du nysgjerrig på fjordlandskapet og dei som bur her?
Bli med fjordrangeren vår på ei reise i tid. Sjå korleis isbreane og elvane har forma landskapet. Lær meir om mangfaldet av dyr og planter i verdsarvområdet, og om det skjøre biologiske samspelet. Gjennom lagarbeid og enkle aktivitetar er du med og byggjer din eigen, vesle fjordgard-bygning, og du får eit innblikk i korleis menneska har overlevd i dette vakre, men ville fjordlandskapet.
- Varigheit: 1–2 timar (1 time utandørs, resten av tida kan nyttast fritt til å oppleve besøkssenteret)
- Deltakarar: Minimum 4, maksimum 15
- Tilgjengeleg: Alle dagar, men må bestillast seinast dagen før.
- Stad: Besøkssenter verdsarv / Norsk Fjordsenter, utandørs. Ver kledd etter vêrforholda.
- Inkluderer:
- Formidling ved ein fjordranger
- Fjordranger-merke
- Fri inngang på Besøkssenter verdsarv
- Gratis wifi