Bli med oss på ei kjekk og avslappande oppleving, der du kjem nært på denne majestetiske fjorden. Å padle her er fantastisk, uansett vêr, og uavhengig av kva tidlegare erfaringar du har med å padle. Turen startar på Homlong, og vi padlar ut til garden Homlong Viken der vi evt.* ser Dei sju søstre. Herifrå er det fin utsikt mot Dalsnibba og dei andre fjella som ruvar høgt over Geiranger sentrum. I tillegg har du god utsikt mot Ørnevegen som svingar seg oppover og ut av bygda. Hugs å ta med kamera slik at du kan ta unike bilete frå kajakken på Geirangerfjorden!
*Kjem an på gruppa si fysiske evne og vêrforholda på dagen.
Varigheit: 2 timar.
Tidsperiode: Frå mai til september
Pris: NOK 720,- (vaksne), NOK 600,- (barn 8-15) *minimum 8 år.
Minimum Antal: 2 personer, maks 10 per guide.
Avgangstider: Kvar dag kl. 09:30, 12:30 og 15:30 (Vi ber om at grupper tek kontakt på førehand om de ønsker andre tider)
Inkludert i prisen: Kajakkguide/instruktør, grunnleggjande instruksjon, kajakk og alt nødvendig utstyr.
Møteplass: Geiranger kajakksenter på Homlong (Raude kajakkar)
Kva bør du ha med deg?
Kle og fotty som tåler vatn, klesskifte og litt mat.
Ta gjerne med vasstett jakke eller bukse om du har.
Tidlegare padleerfaring er ikkje nødvendig, men mykje energi, entusiasme og godt humør er til god hjelp.