Skip to main content

Eksklusiv Fjordsightseeing Geiranger

Den beste måten å oppleve Geirangerfjorden på er sjølvsagt sjøvegen! Sjå dei fråflytta fjordgardane og høyr dei fascinerande historiene om dei som budde der "ingen skulle tru at nokon kunne bu". Kom tett på fossane Dei sju søstre, Friaren og Brudesløret. Dette er naturen på sitt villaste og vakraste!
Nyt ein kopp kaffi og nysteikte vafler medan du tek innover deg synet av Geirangerfjorden, fjellgardane og dei majestetiske fjella. Kom tett innpå dyra i deira vante omgivnadar. Er du heldig, får du sjå niser leike langsmed båten – ei klassisk Geirangerfjord-oppleving!

KLIKK her for vanlige spørsmål

Audio introduction trailer:

Video teaser:

Lengd: 1 time (60 min) og 1,5 times (90 min) rundtur - (drop off/pick up Skageflå er mulig, se egen link) - Klikk her for å se kartet
Køyrerute: 60 min/Fjordsightseeing: 8 km in til Geirangerfjord inkl Dei sju søstre, FriarenBrudesløret, Skageflå
  90 min/Fjordsightseeing: Dekker heile Geirangerfjord, 16 km inkl. Dei sju søstre, Friaren, Brudesløret, Matvik, Syltevik, Skageflå hiking drop-off
Guiding: audio guiding: 12 språk: norsk, engelsk, tysk, fransk, span, ital, czech, jap, korean, mandarin, polish, portuguese
Fasilitetar om bord:

Kiosk med salg av lette forfriskingar, toalett, salong og utvending soldekk

Kapasitet: 165/147 passasjerar
Pris (2019): Klikk her for å se 2019 tid tabell og priser (PDF)
Billettar: Kan kjøpast på vårt billettkontor hos Geiranger turistinformasjon eller bestillast på nett (lengst ned på sida).
Ved billettkjøp på nett Din e - bekreftelse er din billett, og fungerer også som ombordstigningsbevis. Vennligst vis frem din bestillingsbekreftelse med QR kode til vårt mannskap når du går ombord i båten. Denne QR-koden vil bli scannet. Sjekk før ombordstigning at du anten har printa ut billetten, eller at du har billetten med QR-koden klar på din smarttelefon. Det er lurt å lagre denne på telefonen. Eit tips er å ta skjermbilde av billetten som du lagrar og har klart når du gå om bord. Vennligst møt opp ved oppmøtestaden seinast 15 minutt før avgang.
Oppmøtestad: Bak Geiranger turistinformasjon/billettkontor (kaia på vestsida av Turistinformasjonen, mot fjorden).

Søk reise

Les meir

Geiranger Fjordservice AS tilbyr eksklusive fjordcruise på verdskjende Geirangerfjorden. Ein tur med Geirangerfjord Sightseeing er eit fantastisk høve til å utforske denne storslåtte delen av UNESCOs verdsarvsområde. 
M/S Geirangerfjord tek passasjerane nær inntil fossane Dei sjø søstrer, Friaren og Brudesløret. På turen får du også høve til å beundre fleire av dei fråflytta gardane langs fjorden, som Skageflå, Knivsflå, Blomberg og Matvik. Dersom du ønskjer å besøkje ein av fjordgardane, kan vi tilby transport med M/S Geirangerfjord. 
Rundturen varer om lag 1,5 time, og det er høve til å kjøpe lette forfriskingar om bord. 
Geirangerfjord Sightseeing tilbyr guiding på fem språk. Velkommen om bord! 

DEI SJU SØSTRER 
Å stå på båtdekket og kjenne dusjen frå fossane er ei heilt spesiell oppleving. Den høgaste av søstrene har et fritt fall på heile 250 meter. 

FRIAREN 
Det var Friaren som ifølgje soga fridde til Dei sju søstrer på den andre sida av fjorden. Vi passerer Friaren på kloss hald under fjordsightseeingen. 

PREIKESTOLEN 
Ein fjellformasjon midt oppi fjellet før ein kjem til garden Skageflå. 

SKAGEFLÅ 
Den mest kjende av fjellgardane og den mest populære staden for av- og påstiging med M/S Geirangerfjord. Det var her kong Harald og dronning Sonja feira sølvbryllaupet sitt i 1993. Dronninga har i ettertid besøkt garden fleire gongar. 

KNIVSFLÅ 
Denne fjordgarden ligg tett opptil Dei sju søstrer, om lag 250 m over havet. Herifrå kan du sjå over til garden Skageflå. 

SYLTEVIK 
Er ein av dei få gardane som låg ved sjøen. Vegen til Blomberg startar her. Her er det ofte folk om sommaren, for garden blir brukt som feriebustad av eigarane. 

BLOMBERG 
Fjellgarden Blomberg kan du nå via ein bratt sti frå fjorden. Garden ligg 450 m over havet, og herifrå har du vakker utsikt utover fjorden. Du kan sjå både Dei sju søstrer, Brudesløret og Friaren. 

ØRNEVEGEN 
Vegen har elleve hårnålssvingar, og den øvste svingen heiter Ørnesvingen. Herifrå kan du nyte ei fantastisk utsikt utover fjorden mot Preikestolen og Dei sju søstrer. Dessutan får du den beste utsikta til cruiseskipa på veg inn fjorden. 

MATVIK 
Garden ligg heilt nede ved vatnet lengst ut i Geirangerfjorden, og er den av gardane som blei sist fråflytta. Dette var ein frodig gard som på det meste hadde 150 plommetre. Her dyrka dei til og med aprikosar.

Kart

Klikk på kartet for å forstørre det

Under: turkart over Skagehola/Skageflå/Geiranger


 

Avganger & priser

Side 1 av 26

UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
20/708:45 - Fjordsightseeing Geiranger 90 minMer enn 8NOK 405Bestill
20/710:30 - Fjordsightseeing Geiranger 60 minMer enn 8NOK 360Bestill
20/711:30 - Fjordsightseeing Geiranger 90 min1NOK 405Bestill
20/712:00 - Fjordsightseeing Geiranger 60 minMer enn 8NOK 360Bestill
20/713:30 - Fjordsightseeing Geiranger 90 minFulltNOK 405Fullt
20/714:45 (new time 15:00) - Fjordsightseeing Geiranger 90 minMer enn 8NOK 405Bestill
20/717:00 - Fjordsightseeing Geiranger 90 minMer enn 8NOK 405Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
21/708:45 - Fjordsightseeing Geiranger 90 minMer enn 8NOK 405Bestill
21/710:30 - Fjordsightseeing Geiranger 60 minMer enn 8NOK 360Bestill
21/711:30 - Fjordsightseeing Geiranger 90 minMer enn 8NOK 405Bestill
21/712:00 - Fjordsightseeing Geiranger 60 minMer enn 8NOK 360Bestill
21/713:30 - Fjordsightseeing Geiranger 90 minMer enn 8NOK 405Bestill
21/714:45 (new time 15:00) - Fjordsightseeing Geiranger 90 minMer enn 8NOK 405Bestill
21/717:00 - Fjordsightseeing Geiranger 90 minMer enn 8NOK 405Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
22/708:45 - Fjordsightseeing Geiranger 90 minMer enn 8NOK 405Bestill