Skip to main content

Hiking tur Skageflå

Skageflå er fjellgarden der verdsarven blei feira i 2006, og der det blei feira kongeleg sølvbryllaup i 1993.

Turen startar med båt ut Geirangerfjorden frå Geiranger. I Skagehola hoppar du i land og tek fatt på stien som smyg seg oppover i fjellsida. Terrenget er særs bratt, men på dei mest utsette partia er det hogd ut trinn i fjellet, og stien er sikra med rekkverk. Dette er ein mykje brukt tur, også av barnefamiliar, men mindre barn bør ikkje få gå åleine. Det tek ca. 45 minutt opp til Skageflå, og 2–3 timar vidare til Homlong.

Du passerer flotte utsiktspunkt undervegs, og oppe på garden er det reint majestetisk med utsikt utover fjorden og Dei sju søstrer (Knivselvane).
Frå Skageflå (250 moh.) held stien fram i bratt og dels luftig terreng opp til Homlongsætra (544 moh.). Undervegs passerer du setertuftene på Bjønnastien.

Frå Homlongsætra til Homlong går det lett unna på ein sti som heile vegen går rett innanfor stupkanten mot fjorden. Langs stien er det fleire merkte kulturminne.
Du går på eige ansvar. Vis omsyn til naturen og omgivnadene. Hugs drikke og godt fottøy, og ver varsam!
 
Om du vil kombinere sightseeing og fottur til ein fjordgard, har du følgjande alternativ:

M/S Geirangerfjord

  • TUR/RETUR-BILLETT: kun vid 1,5 times Fjordsightseeing på Geirangerfjorden med ilandstiging ved ein av fjordgardane. Retur på ein av dei neste avgangane (sjå oversikt, retur kun med M/S Geirangerfjord ). Vi gjer merksam på at ilandstiging på dagen siste avgangen frå Geiranger ikkje gir høve for retur med båt.
  • EINVEGSBILLETT: Merk at Skageflå er den einaste fjordgarden det er mogleg å gå tilbake til Geiranger frå. Turen over fjellet tek normalt 2,5–3,5 timar. Vi har same pris på einvegsbillett som på T/R-billett, sidan vi set deg av etter 1 time Fjordsightseeing.

viktig Informasjon:

  • Skageflå og dei andre fjordgardane i området er i privat eige. Vis omsyn og respekt ved besøk.
  • Du kan ikkje campe på innmarka der (=grasmarka kringom husa), verken med telt eller hengekøya, utan at du har løyve frå grunneigar (Jf. Friluftslova).
  • Grilling må berre skje på tilrettelagt plass. Sikre at du har sløkt skikkeleg etter deg. Ein brann på fjordgardane kan bli katastrofal.
  • Det er toalett på Skageflå, men ikkje toalettpapir. Ta med eige og helst antibac, av smittevernsomsyn.
  • Ferdast mest mogleg sporlaust: Rydd etter deg og ta med eiga søppel attende.

Med positiv og god framferd bidreg vi til at gjester er velkomne på fjordgardane også i framtida. TAKK


Tur til fjordgardane kan opplevast på eiga hand eller i grupper med fleire. Kontakt oss om de ønskjer guide til turen. 

Søk reise

Avganger & priser

Side 3 av 3

UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
9/10Fjordsightseeing 10:00/ drop off/pick up Skagehola 11:00Mer enn 8NOK 425Bestill
9/10Fjordsightseeing 13:30/ drop off/pick up Skagehola 14:30Mer enn 8NOK 425Bestill
10/10Fjordsightseeing 10:00/ drop off/pick up Skagehola 11:00Mer enn 8NOK 425Bestill
10/10Fjordsightseeing 13:30/ drop off/pick up Skagehola 14:30Mer enn 8NOK 425Bestill