MT. Highlight Busstur til Dalsnibba – Geiranger Skywalk

BLI MED PÅ BUSSTUR TIL TOPPEN AV GEIRANGER – DALSNIBBA 1500 M.O.H. - GEIRANGER SKYWALK
Ein av dei vakraste og mest spektakulære bussturane i Noreg. Ei oppleving du seint vil gløyme! Vi stoppar på dei berømte utsiktspunkta Flydalsjuvet og Dalsnibba.
I august 2016 blei det nye platået på Dalsnibba offisielt opna. Namnet er Geiranger Skywalk. Underlaget består av rister, og rekkverket er av glas. Dermed kan du sjå rett ned til sentrum og Geirangerfjorden samt til fjella og Blåbreen. Med eit fritt fall på omkring 500 meter får du kjensla av å sveve – sjølv om du naturlegvis står heilt trygt.

  • Type tur: rundtur med 2 fotostopp
  • Lengd: 2 timar 15 min (circa)
  • Pris 2017: NOK 320 (vaksne), NOK 200 (barn 4–15 år) 
  • Tidsperiode 17. mai til 18. september 2017: Ikkje daglege avgangar. Sjå bestillingskalendaren for å få informasjon om avgangar
  • Kapasitet: 35–48 seter
  • Guiding: CD på engelsk i bussen
  • Inkludert i prisen: busstur med stopp på dei verdsberømte utsiktspunkta Flydalsjuvet (15 min.) og Dalsnibba (15 min.), betalt bomveg til Dalsnibba
  • Om vegen til Dalsnibba er stengt, køyrer vi mot Ørnevegen/Ørnesvingen i staden. 
  • Billettar: på billettkontoret hos Geiranger turistinformasjon (gratis trådlaust Internett) eller online
  • Ved billettkjøp på nett: Din e - bekreftelse er din billett, og fungere også som ombordstigningsbevis. Vennligst fremvis din bestillingsbekreftelse med QR kod som blir skanna til mannskap. Sjekk før om bordstigning at du anten har printa ut, eller at du har den klar på din smarttelefon. Det er lurt å lagre denne på telefonen, og eit tipser å ta skjermbilde som du lagrar og har klart når du gå om board. 
Pris fra:
NOK 320
Busstur (2t 15 min) med stopp ved attraksjonene Flydalsjuvet og MT. Dalsnibba, m.m Audioguiding på engelsk
Transporttype:BUSS
Bestill reise

Les meir

Bli med på ein av de vakraste og mest spektakulære bussturane i Noreg. Ei oppleving du seint vil gløyme! 

Denne delen av "The Golden Route" består av ein tur frå Geiranger sentrum, langs den vidgjetne Geirangervegen (det er 22 kilometer opp til Dalsnibba) opp gjennom bygda til det berømte utsiktspunktet Flydalsjuvet. Lenger opp passerer du "Knuten", også kjent som Noregs første trafikkmaskin. Så går turen vidare til Dalsnibba (1 500 moh.). Derifrå får du oppleve ei fantastisk utsikt over fjellheimen og Geirangerfjorden.

  • Flydalsjuvet: Eit av Noregs, om ikkje verdas, mest berømte utsiktspunkt. Frå toppen av det 80 meter djupe juvet kan du nyte utsikta over Geirangerfjorden og cruiseskipa.
  • Dalsnibba: Ein av Noregs lettast tilgjengelege fjelltoppar. Hit kan du køyre bil. Dette er ei heilt spesiell oppleving på grunn av den 360 graders panoramautsikta over fjellheimen og Geirangerfjorden.

Bussturen til toppen tek totalt 2 timar. På turen får du oppleve den mangfaldige naturen: ein rik flora og fauna, geologiske aspekt, krystallklart vatn og fossar, isbrear og fjelltoppar.

Kart over bussrute

Avganger & priser

side 1 av 9

UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
27/6Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 11:00Mer enn 8NOK 320Bestill
27/6Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 11:30Mer enn 8NOK 320Bestill
27/6Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 13:302NOK 320Bestill
27/6Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 14:00Mer enn 8NOK 320Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
28/6Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 09:00Mer enn 8NOK 320Bestill
28/6Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 12:30Mer enn 8NOK 320Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
29/6Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 09:30Mer enn 8NOK 320Bestill
29/6Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 12:00Mer enn 8NOK 320Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
1/7Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 09:30Mer enn 8NOK 320Bestill
1/7Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 11:00Mer enn 8NOK 320Bestill
1/7Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 12:00Mer enn 8NOK 320Bestill
1/7Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 13:30Mer enn 8NOK 320Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
3/7Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 12:00Mer enn 8NOK 320Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
4/7Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 09:30Mer enn 8NOK 320Bestill
4/7Dalsnibba/Mountain Highlight Bus 12:00Mer enn 8NOK 320Bestill