Vinsåshornet

Bli med over Vinsåshornet på 1343moh! Dette er turen til det flottaste utsiktspunktet i Geiranger! Heildagstur langt ut i den fredlege naturen!

Turen startar utanfor Geiranger Turistinformasion. Vi tek felles transport frå hotellet til innerst i Kvanndalen på 675 moh.,  ca 30 minutt. Fotturen startar med ei ganske bratt stigning opp langsmed elva. Vi skal krysse elva, og her kan det på varme dager vere mogeleg å få kjøle seg ned med eit kjapt bad! Vidare går turen bratt oppover ryggen og den slyngar seg oppetter med utsikt både innover Djupdalen og ned til Flydalen og Geiranger. Etter ca 2 timar gange kjem vi opp til skaret som fører oss fram mot sjølve høgdepunktet på turen. Her får ein sjå gamle bogesteller og bevis på jakt frå mange hundre år tilbake. Ei fantastisk utsikta åpnar seg fram over fjellryggen mot toppen av Vinsåshornet, 1343 moh. Lunsj inntek vi like under det høgste punktet på turen. Etter Summit Geiranger si meining, så er dette det flottaste utsynspunktet utover Geirangerfjorden og til fjella som ligg kring oss!

Etter lunsjpausen går turen ned via framryggen av Vinsåshornet. Her er det bratt og det trengs konsentrasjon den fyrste biten av nedstigninga. Stien tek oss ned til elva i Grinddalen, og derfra på god rås nedover fjellsida frå Grindalssetra. Den siste halve timen går vi på traktor veg, før vi kjem ned til Hole Hytteutleige og riksvegen. På Hole kan ein kjøpe forfriskningar. Vi avsluttar turen her. Kvar enkelt kan velge kva veg ein ønksje å gå siste delen av turen ned til sentrum, - langs vegen eller snarvegar. Det tek ca 20 min. ned til sentrum.

Turen er krevjande, men alle med god helse, litt erfaring frå lengre fjellturer og eit minstekrav av utstyr kan bli med.

Varigheit: 5 – 7 timar.
Tidsperiode og dag: kvar laurdag frå  08.07 til 19.08.2017

Oppmøtestad og tid: utenfør Geiranger turistinformasion i sentrum 09:00
Pris: NOK 890,-
Inkludert i prisen: Guide og transport frå sentrum til startpunkt.

Utstyr, kvar enkelt må ta med: Tørre klede til å skifte til, samt vindtett jakke er å anbefale. Veret kan skifte fort i høgfjellet, og det kan vere sterk vind. Fjellsko er å anbefale, men gode joggesko kan nyttast.

Lunsj: Lunsjpakke til turen er ikkje inkludert, men kan bestillast frå Geiranger Bakeri om ønskeleg. Ta med rikelig med niste og energikilder og godt med drikke til turen.

Pris fra:
NOK 890
Dette er turen til det flottaste utsiktspunktet i Geiranger! Transport inkludert. Lunsj: Lunsjpakke til turen er ikkje inkludert, men kan bestillast frå Geiranger Bakeri om ønskeleg. Ta med rikelig med niste og energikilder og godt med drikke til turen. God tur!
Transporttype:HIKE
Bestill reise

Avganger & priser

UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
8/7Hiking tur med guide til VinsåshornetMer enn 8NOK 890Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
15/7Hiking tur med guide til VinsåshornetMer enn 8NOK 890Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
22/7Hiking tur med guide til VinsåshornetMer enn 8NOK 890Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
29/7Hiking tur med guide til VinsåshornetMer enn 8NOK 890Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
5/8Hiking tur med guide til VinsåshornetMer enn 8NOK 890Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
12/8Hiking tur med guide til VinsåshornetMer enn 8NOK 890Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
19/8Hiking tur med guide til VinsåshornetMer enn 8NOK 890Bestill