Exclusiv Fjordsightseeing Geiranger

Den beste måten å oppleve Geirangerfjorden på er sjølvsagt sjøvegen! Sjå dei frå flytta fjordgardane, og høyr dei fascinerande historiene om dei som budde der "ingen skulle tru at nokon kunne bu". Kom tett på fossane Dei sju søstrer, Friaren og Brudesløret. Dette er naturen på sitt villaste og vakraste!
Nyt ein kopp kaffi og nysteikte vaflar medan du tek innover deg synet av Geirangerfjorden, fjellgardane og dei majestetiske fjella. Kom tett innpå dyra i deira vante omgivnader. Er du heldig, får du sjå niser leike langsmed båten – ei klassisk Geirangerfjord-oppleving!

Audio introduction trailer:

Video teaser:

Lengd: 1 time (60 min) og 1,5 times (90 min) rundtur - (drop off/pick up Skageflå mulig se egen link) - Klikk her for å se kartet
Køyrerute: 60 min/SignaTour cruise: 8 km in til Geirangerfjord inkl Dei sju søster, Friaren, Brudesløret, Skageflå
  90 min/Fjordsightseeing: heile Geirangerfjord, 16 km inkl. Dei sju søstrer, Friaren, Brudesløret, Matvika, Syltevik, Skageflå
Guiding: audio guiding: 12 språk: norsk, engelsk, tysk, fransk, span, ital, czech, jap, korean, mandarin, polish, portuguese
Fasilitetar om bord:

M/S Geirangerfjord: kiosk med sal av lette forfriskingar, toalett, salong og utvending soldekk
M/S Sognesjø: toalett, salong og utvending dekk

Kapasitet: 165/48 passasjerar M/S Geirangerfjord Pier1, M/S Sognesjø Pier2
Pris (2017): 60 min: NOK 230 (vaksen), NOK 135 (barn 4–15 år), NOK 10 (barn 0–3 år)
  90 min: NOK 250 (vaksen), NOK 135 (barn 4–15 år), NOK 10 (barn 0–3 år) map
Billettar: kan kjøpast på vårt billettkontor hos Geiranger turistinformasjon eller bestillast på nett (lengst ned på sida)
Ved billettkjøp på nett Din e - bekreftelse er din billett, og fungere også som ombordstigningsbevis. Vennligst fremvis din bestillingsbekreftelse med QR kod som blir skanna til mannskap. Sjekk før om bordstigning at du anten har printa ut, eller at du har den klar på din smarttelefon. Det er lurt å lagre denne på telefonen, og eit tipser å ta skjermbilde som du lagrar og har klart når du gå om board. Vennligst møt opp vid avgangskaien senest 20 minutter før avgang.
Oppmøtestad: bak Geiranger turistinformasjon (20 m til venstre for cruisekaien) Film
Pris fra:
NOK 250
Fjordtur på Geirangerfjord 90 min med informasjon om attraksjonene, inkl. "Dei Sju Systre" "Friaren" og "Brudesløret" m.m.
Transporttype:Båt
Bestill reise

Les meir

Geiranger Fjordservice AS tilbyr eksklusive fjordcruise på verdskjende Geirangerfjorden. Ein tur med Geirangerfjord Sightseeing er eit fantastisk høve til å utforske denne storslåtte delen av UNESCOs verdsarvsområde. 
M/S Geirangerfjord tek passasjerane nær inntil fossane Dei sjø søstrer, Friaren og Brudesløret. På turen får du også høve til å beundre fleire av dei fråflytta gardane langs fjorden, som Skageflå, Knivsflå, Blomberg og Matvik. Dersom du ønskjer å besøkje ein av fjordgardane, kan vi tilby transport med M/S Geirangerfjord. 
Rundturen varer om lag 1,5 time, og det er høve til å kjøpe lette forfriskingar om bord. 
Geirangerfjord Sightseeing tilbyr guiding på fem språk. Velkommen om bord! 

DEI SJU SØSTRER 
Å stå på båtdekket og kjenne dusjen frå fossane er ei heilt spesiell oppleving. Den høgaste av søstrene har et fritt fall på heile 250 meter. 

FRIAREN 
Det var Friaren som ifølgje soga fridde til Dei sju søstrer på den andre sida av fjorden. Vi passerer Friaren på kloss hald under fjordsightseeingen. 

PREIKESTOLEN 
Ein fjellformasjon midt oppi fjellet før ein kjem til garden Skageflå. 

SKAGEFLÅ 
Den mest kjende av fjellgardane og den mest populære staden for av- og påstiging med M/S Geirangerfjord. Det var her kong Harald og dronning Sonja feira sølvbryllaupet sitt i 1993. Dronninga har i ettertid besøkt garden fleire gongar. 

KNIVSFLÅ 
Denne fjordgarden ligg tett opptil Dei sju søstrer, om lag 250 m over havet. Herifrå kan du sjå over til garden Skageflå. 

SYLTEVIK 
Er ein av dei få gardane som låg ved sjøen. Vegen til Blomberg startar her. Her er det ofte folk om sommaren, for garden blir brukt som feriebustad av eigarane. 

BLOMBERG 
Fjellgarden Blomberg kan du nå via ein bratt sti frå fjorden. Garden ligg 450 m over havet, og herifrå har du vakker utsikt utover fjorden. Du kan sjå både Dei sju søstrer, Brudesløret og Friaren. 

ØRNEVEGEN 
Vegen har elleve hårnålssvingar, og den øvste svingen heiter Ørnesvingen. Herifrå kan du nyte ei fantastisk utsikt utover fjorden mot Preikestolen og Dei sju søstrer. Dessutan får du den beste utsikta til cruiseskipa på veg inn fjorden. 

MATVIK 
Garden ligg heilt nede ved vatnet lengst ut i Geirangerfjorden, og er den av gardane som blei sist fråflytta. Dette var ein frodig gard som på det meste hadde 150 plommetre. Her dyrka dei til og med aprikosar.

Vanlege spørsmål

Vi er eit lokaleigd selskap med omfattande erfaring: Sidan 1970 har vi hatt 4 millionar passasjerar.Vi tilbyr fjordsightseeing der du får oppleve HEILE verdsarvområdet Geirangerfjord.

Fjordsightseeing med M/S Geirangerfjord har opptil 4 avgangar dagleg frå mai til september. Uansett årstid anbefaler vi at du bestiller på førehand, men det er spesielt viktig i høgsesongen. Bestiller du på førehand, unngår du unødvendige utsetjingar og skuffelsar. Du kan sjekke ledige plassar og bestille på nett, eller du kan ringje billettkontoret vårt.

Turen på fjorden varar i 90 minuttar. Du finn oss i sentrum av Geiranger, ved kaien rett bak turistinformasjonen. Det er 2–8 minutts gangavstand frå parkeringsplassane i Geiranger.

Standardspråka er norsk, engelsk, tysk og fransk.

Lengdegrad: 62,102276176
Breiddegrad: 7,2044563293

I Geiranger er det gratis parkering i sentrum ved ferjekaien og matbutikken. Det er ikkje så mange parkeringsplassar, så midt på sommaren kan det vere lurt å parkere bilen litt utanfor sentrum.

AVREISE: Du må møte ved ombordstigning minst 15 minutt før avgang på turen., BILLETT: Denne bekreftelsen er din billett, og fungerer som ombordstigningsbevis. Du må vise denne til mannskapet når du går om bord. Den inneheld QR-kode som blir skanna. Sjekk før om bord stigning at du enten har printet denne ut, eller at du har den klar på din smarttelefon. Det er lurt å lagre denne på telefonen, og eit tips er å ta skjermbilde som du lagrar og har klart når du skal gå om bord., GRUPPER >6: Hvis dere har booket som en gruppe på mer enn 6 personer, må hver enkelt deltaker ha sin individuelle billett. Bruk neste side og print ut billett til hver deltaker på forhånd..

I samsvar med vilkåra våre refunderer vi ikkje betalte billettar. Bestillinga er bindande når turen er bekrefta og betalt. Vi anbefaler eigen reiseforsikring som inkluderer avbestillingsforsikring. Viss du må avbestille pga. sjukdom, kan du då kontakte forsikringsselskapet, som refunderer billetten i samsvar med sine reglar.Vi refunderer billettane dersom cruiseskipet ikkje kjem fram til Geiranger. (Dette skjer svært sjeldan.)Vi er òg fleksible når det gjeld å byte dato eller avgangstid dersom du kjem for seint. Det føreset at du kontaktar oss på førehand, og at det er ledige plassar på andre turar eller avgangar.

Vi anbefaler at du kler deg etter forholda og tek høgde for det kan vere kaldt om bord i båten pga. vinden. Også om sommaren anbefaler vi at du tek med deg jakke og kanskje hue viss det ikkje er varmt i vêret. Hugs dessutan solbriller og solhatt! Det er òg salong inne med stort panoramavindauge.

Ja, det kan du, men vi ber deg halde deg på utsiktsdekket framme eller bak under turen. Pga. eventuelle allergiske passasjerar er det ikkje lov å ha hundar inne i salongen.

Vêret er noko av det som gjer Vestlandet unikt. Det er regnet som gir Fjord-Noreg sjøar, elver, fossar og fjordar. Kjem du hit, bør du være førebudd på litt regn under opphaldet. Her får du oppleve det ekte Noreg. Kanskje du til og med får sjå troll!Vi anbefaler at du tek med kle som høver i kaldt og vått vêr, slik at du får mest mogleg ut av opphaldet.

Cruiseskipa kjem ofte til Geiranger tidleg om morgonen, kanskje medan du søv eller et frukost. Sjekk rutetabellen vår, slik at du ikkje går glipp av vår fjordsightseeing. Cruiseskipa seglar dessutan midt på fjorden, og ikkje så nær fossane som vår sightseeingbåt, M/S Geirangerfjord.

Ferjecruiset går frå A til B. Det tek 1 time kvar veg. Du reiser med ein større båt som seglar midt på fjorden. Du ser dei same attraksjonane, og vi anbefaler at du tek ferja viss du vil fortsetje reisa i den andre enden. Viss du er ute etter eit klassisk fjordcruise, anbefaler vi vår fjordsightseeing. Det er også ein prisskilnad.

Ja, men tidvatnet spelar inn. Ein går om bord i båten via ei rampe. Dersom vassnivået er høgt, kan det vere litt bratt. For å komme inn i salongen eller på toalettet må du over eit høgt trinn. Gi oss beskjed på førehand, slik at vi kan hjelpe deg.

Vi har svært gunstige prisar for barn, men ingen familiebillett.

Ja, du kan setje att bagasjen i eit område på turistinformasjonen. Vi har ikkje oppbevaringsboksar.

Du kan gjerne ta med kamera på fjordsightseeing. Det er masse flotte motiv langs Geirangerfjorden.

Vi har eit utsiktsdekk og ein innandørs salong med panoramavindauge. Her har vi også ein liten kafé. I perioden juni til august får du kjøpt kald og varm drikke samt snacks og vaflar.

Skageflå Hike

Skageflå er fjellgarden der verdsarven blei feira i 2006, og der det blei feira kongeleg sølvbryllaup i 1993.

Turen startar med båt ut Geirangerfjorden frå Geiranger. I Skagehola hoppar du i land og tek fatt på stien som smyg seg oppover i fjellsida. Terrenget er særs bratt, men på dei mest utsette partia er det hogd ut trinn i fjellet, og stien er sikra med rekkverk. Dette er ein mykje brukt tur, også av barnefamiliar, men mindre barn bør ikkje få gå åleine. Det tek ca. 45 minutt opp til Skageflå, og 2–3 timar vidare til Homlong.

Du passerer flotte utsiktspunkt undervegs, og oppe på garden er det reint majestetisk med utsikt utover fjorden og Dei sju søstrer (Knivselvane).
Frå Skageflå (250 moh.) held stien fram i bratt og dels luftig terreng opp til Homlongsætra (544 moh.). Undervegs passerer du setertuftene på Bjønnastien.

Frå Homlongsætra til Homlong går det lett unna på ein sti som heile vegen går rett innanfor stupkanten mot fjorden. Langs stien er det fleire merkte kulturminne.
Du går på eige ansvar. Vis omsyn til naturen og omgivnadene. Hugs drikke og godt fottøy, og ver varsam!
 
Om du vil kombinere sightseeing og fottur til ein fjordgard, har du følgjande alternativ:

M/S Geirangerfjord

  • TUR/RETUR-BILLETT: kun vid 1,5 times Fjordsightseeing på Geirangerfjorden med ilandstiging ved ein av fjordgardane. Retur på ein av dei neste avgangane (sjå oversikt, retur kun med M/S Geirangerfjord ). Nøyaktig returtid må av kapasitetsomsyn avtalast med mannskap/billettkontor på førehand. Vi gjer merksam på at ilandstiging på dagen siste avgangen frå Geiranger ikkje gir høve for retur med båt.
  • EINVEGSBILLETT: Merk at Skageflå er den einaste fjordgarden det er mogleg å gå tilbake til Geiranger frå. Turen over fjellet tek normalt 2,5–3,5 timar. Vi har same pris på einvegsbillett som på T/R-billett, sidan vi set deg av etter 1 time Fjordsightseeing.

VIKTIG: Hugs godt fottøy, og vis respekt for vêrforholda og naturen.

Frå Skageflå er det mogleg å gå over fjellet tilbake til Homlong i Geiranger. Eventuelt kan du gå ned att til fjorden og bli med M/S Geirangerfjord (ikke M/S Sognesjø) tilbake til Geiranger.


Tur til fjordgardane kan opplevast på eiga hand eller i grupper med fleire. Kontakt oss om de ønskjer guide til turen. 

Kart

Klikk på kartet for å forstørre det

Under: turkart over Skagehola/Skageflå/Geiranger


 

Avganger & priser

Side 1 av 85

UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
20/10Fjordsightseeing Geiranger 11:30Mer enn 8NOK 250Bestill
20/10Fjordsightseeing 11:30/ drop off/pick up Skagehola 12:30Mer enn 8NOK 250Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
21/10Fjordsightseeing Geiranger 11:30Mer enn 8NOK 250Bestill
21/10Fjordsightseeing 11:30/ drop off/pick up Skagehola 12:30Mer enn 8NOK 250Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
22/10Fjordsightseeing Geiranger 11:30Mer enn 8NOK 250Bestill
22/10SignaTour Cruise Geiranger 16:00 - 18:00Mer enn 8NOK 250Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
26/10Fjordsightseeing Geiranger 11:30Mer enn 8NOK 250Bestill
26/10Fjordsightseeing 11:30/ drop off/pick up Skagehola 12:30Mer enn 8NOK 250Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
27/10Fjordsightseeing Geiranger 11:30Mer enn 8NOK 250Bestill
27/10Fjordsightseeing 11:30/ drop off/pick up Skagehola 12:30Mer enn 8NOK 250Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
28/10Fjordsightseeing Geiranger 11:30Mer enn 8NOK 250Bestill
28/10Fjordsightseeing 11:30/ drop off/pick up Skagehola 12:30Mer enn 8NOK 250Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
29/3Fjordsightseeing Geiranger 11:30Mer enn 8NOK 350Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
30/3Fjordsightseeing Geiranger 11:30Mer enn 8NOK 350Bestill
UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
31/3Fjordsightseeing Geiranger 11:30Mer enn 8NOK 350Bestill