Skageflå

Skageflå, gard med retur over Homlongsætra.

Blir med til den fråflytta fjellgård Skageflå!

Vår tur til den kjende fjellgården er krydra med unike utsynspunkt, spennande historier frå gårdsdrifta som ein gong fantes her og ein flott retur over Homlongsætra tilbake til Geiranger.
Turen vert arrangert av Summit Geiranger, ei lokal guidebedrift som går turer til fjordgardar og fjelltoppar i Geiranger. Du får gleda av ein lokal guide med god kunnskap om fjord, fjell og folk.

Turen starter ved turistinformasjonen. Vi går samla til Notanaustet for utdeling av sikkerheitsutstyr til båtturen. Deretter er det 10 minutt med RIB båt til Skaggehola der gåturen starter. Turen går på den gamle stien opp dei 250 høgdemeterane til Skageflå. Dette er eit dramatisk og historisk strekke, og det er bratt og til tider luftig. Det er derimot gode trinn og rekkverk der det er luftigast. Fjorden blir fort lagt bak oss, og det er ikkje lenge før vi nærmar oss gården. Det tek ca 30 minutt opp til garden, og der ventar eit flott utsyn over mot fossefallet Dei Sju Systre og garden Knivsflå som ligg tett inntil «systrene». På Skageflå gjev vi ein rundtur blant husa der vi fortel om liv og lagnad på Skageflå i gamledager.

Vi tek oss tid til at du kan få ete, drikke og til fotografering før turen går vidare.

Frå Skageflå er det framleis bratt oppover, men turen går på god rås oppover. Eit kort parti er litt luftig, men stort sett går råsa i skog heilt til vi kjem opp på flata før Homlongsætra. Her er vi på 544moh, og her er det fleire flotte utsynspunkt. Vi tek dykk med fram til våre favoritter, og du får eit enno flottare syn mot fossefalla og fjellgårdane utover fjorden. På sjølve Homlongsætra er det tid for lunsj og ei god kvile.

Derfra går turen på god rås nedover. Det er mykje slakkare denne vegen, og det går jamt og trutt nedover. Turen ned til Homlong tek i overkant av ein time, og derfra gjenstår ein halvtime langsmed fjorden på grusveg inn til Geiranger sentrum.

Turen er krevjande, men alle med god helse, litt erfaring frå lengre fjellturer og eit minstekrav av utstyr kan bli med.

Varigheit: 4 – 5 timar.
Tidsperiode og dag: 
kvar laurdag frå
03. juni til 01. july (ikke 10. juni) start 08:15

kvar torsdag frå  29.06. til 10.08. 2017 start 8:15

Starttidspunkt: klokka 08:15 ved turistinformasjonen
Pris: NOK 690,-
Inkludert i prisen: Guide og transport med RIB båt til Skaggehola.

Utstyr, kvar enkelt må ta med: Tørre klede til å skifte. Fjellsko er å anbefale, men gode joggesko kan nyttast.

Lunsj: Lunsjpakke til turen er ikkje inkludert, men kan bestillast frå Geiranger Bakeri om ønskeleg. Ta med rikelig med niste og energikilder og godt med drikke til turen.

For gruppeturer, ta kontakt via email. Alternative turer og dager er tilgjengelege.

Status:
Fullt