Vanlege spørsmål

M/S Geirangerfjord


Kvifor bør eg velje fjordsightseeing med M/S Geirangerfjord?
Vi er eit lokaleigd selskap med omfattande erfaring: Sidan 1970 har vi hatt 4 millionar passasjerar.
Vi tilbyr fjordsightseeing der du får oppleve HEILE verdsarvområdet Geirangerfjord.
 
Må eg bestille på førehand?
Fjordsightseeing med M/S Geirangerfjord har opptil 4 avgangar dagleg frå mai til september. Uansett årstid anbefaler vi at du bestiller på førehand, men det er spesielt viktig i høgsesongen. Bestiller du på førehand, unngår du unødvendige utsetjingar og skuffelsar. Du kan sjekke ledige plassar og bestille på nett, eller du kan ringje billettkontoret vårt.

Kor lenge varar turen, og korleis finn eg fram?
Turen på fjorden varar i 90 minuttar. Du finn oss i sentrum av Geiranger, ved kaien rett bak turistinformasjonen. Det er 2–8 minutts gangavstand frå parkeringsplassane i Geiranger.

Kva språk er guidinga på?
Standardspråka er norsk, engelsk, tysk og fransk.

Viss eg køyrer sjølv, kva adresse skal eg leggje inn i GPS-en?
Lengdegrad: 62,102276176
Breiddegrad: 7,2044563293

Kvar kan eg parkere?
I Geiranger er det gratis parkering i sentrum ved ferjekaien og matbutikken. Det er ikkje så mange parkeringsplassar, så midt på sommaren kan det vere lurt å parkere bilen litt utanfor sentrum.

Dersom eg bestiller på nett, kvar får eg tak i eit ombordstigingskort?
Kom til billettkontoret vårt hos Geiranger turistinformasjon ved kaien, og gjer ein av desse tinga:

  •     Vis kvitteringa du fekk på e-post frå bestillingssystemet.
  •     Gi oss referansenummeret og namnet ditt.
  •     Vis oss stadfesting på bestillinga på smarttelefon eller nettbrett.

Du får då eit ombordstigingskort som du må gi til mannskapet når du går om bord.

Kva retningslinjer gjeld for avbestilling for enkeltkundar?
I samsvar med vilkåra våre refunderer vi ikkje betalte billettar. Bestillinga er bindande når turen er bekrefta og betalt. Vi anbefaler eigen reiseforsikring som inkluderer avbestillingsforsikring. Viss du må avbestille pga. sjukdom, kan du då kontakte forsikringsselskapet, som refunderer billetten i samsvar med sine reglar.
Vi refunderer billettane dersom cruiseskipet ikkje kjem fram til Geiranger. (Dette skjer svært sjeldan.)
Vi er òg fleksible når det gjeld å byte dato eller avgangstid dersom du kjem for seint. Det føreset at du kontaktar oss på førehand, og at det er ledige plassar på andre turar eller avgangar.

Kva skal eg ha på meg?
Vi anbefaler at du kler deg etter forholda og tek høgde for det kan vere kaldt om bord i båten pga. vinden. Også om sommaren anbefaler vi at du tek med deg jakke og kanskje hue viss det ikkje er varmt i vêret. Hugs dessutan solbriller og solhatt! Det er òg salong inne med stort panoramavindauge.

Kan eg ta med hunden?
Ja, det kan du, men vi ber deg halde deg på utsiktsdekket framme eller bak under turen. Pga. eventuelle allergiske passasjerar er det ikkje lov å ha hundar inne i salongen.

Kva skjer viss det er dårleg vêr, f.eks. regn eller vind?
Vêret er noko av det som gjer Vestlandet unikt. Det er regnet som gir Fjord-Noreg sjøar, elver, fossar og fjordar. Kjem du hit, bør du være førebudd på litt regn under opphaldet. Her får du oppleve det ekte Noreg. Kanskje du til og med får sjå troll!
Vi anbefaler at du tek med kle som høver i kaldt og vått vêr, slik at du får mest mogleg ut av opphaldet.

Viss eg kjem med cruiseskip, er det noko poeng i å vere med på fjordsightseeing i tillegg?
Cruiseskipa kjem ofte til Geiranger tidleg om morgonen, kanskje medan du søv eller et frukost. Sjekk rutetabellen vår, slik at du ikkje går glipp av vår fjordsightseeing. Cruiseskipa seglar dessutan midt på fjorden, og ikkje så nær fossane som vår sightseeingbåt, M/S Geirangerfjord.

Kva er skilnaden mellom ferjecruiset frå Hellesylt til Geiranger og fjordsightseeingen med M/S Geirangerfjord?
Ferjecruiset går frå A til B. Det tek 1 time kvar veg. Du reiser med ein større båt som seglar midt på fjorden. Du ser dei same attraksjonane, og vi anbefaler at du tek ferja viss du vil fortsetje reisa i den andre enden. Viss du er ute etter eit klassisk fjordcruise, anbefaler vi vår fjordsightseeing. Det er også ein prisskilnad.

Er M/S Geirangerfjord tilpassa rullestolbrukarar?
Ja, men tidvatnet spelar inn. Ein går om bord i båten via ei rampe. Dersom vassnivået er høgt, kan det vere litt bratt. For å komme inn i salongen eller på toalettet må du over eit høgt trinn. Gi oss beskjed på førehand, slik at vi kan hjelpe deg.

Tilbyr de familierabatt?
Vi har svært gunstige prisar for barn, men ingen familiebillett.

Finst det ein plass eg kan setje att bagasjen min?
Ja, du kan setje att bagasjen i eit område på turistinformasjonen. Vi har ikkje oppbevaringsboksar.

Kan eg ta med kamera?
Du kan gjerne ta med kamera på fjordsightseeing. Det er masse flotte motiv langs Geirangerfjorden.

Kva fasilitetar har de om bord?
Vi har eit utsiktsdekk og ein innandørs salong med panoramavindauge. Her har vi også ein liten kafé. I perioden juni til august får du kjøpt kald og varm drikke samt snacks og vaflar.

Status:
Fullt