Vilkår

Kansellering av nettbestillingar for enkeltkundar
I samsvar med vilkåra våre refunderer vi ikkje kostnader for enkeltkundar. Nettbestilling er bindande når turen er bekrefta og betalt. Vi anbefaler eigen reiseforsikring som inkluderer avbestillingsforsikring. Dersom kunden blir så sjuk at turen ikkje kan gjennomførast, må kunden kontakte forsikringsselskapet. Refusjon blir gitt av forsikringsselskapet så sant kunden har avbestillingsforsikring.

Generelle vilkår
Vilkåra regulerer forholdet mellom turoperatør og kunde. Turoperatør er Geiranger Fjordservice AS.

Bestilling og betaling
Vilkår for bestilling, betaling og depositum for endeleg betaling må avtalast med turoperatør. Alle bestillingar er bindande. Når det gjeld transaksjonar via Internett, er bestillinga bindande med det same tenesta er betalt.

Omfang av bestilling
Bestilling dekkjer alle tenestene som turoperatøren og kunden har gjort avtale om. Desse tenestene er beskrivne individuelt for kvar tur/teneste. Det skal takast omsyn til reisedokument og avtale inngått mellom operatør og kunde. Det skal vere spesifisert kva kunden kan forvente i samband med tenestene. Dersom bestillinga avvik frå programmet eller inneheld tilleggstenester, må dette bekreftast/avtalast skriftleg på førehand.

Informasjon til kunde
Turoperatøren er forplikta til å gjere kunden merksam på dei rettane og pliktene som gjeld mellom turoperatør og kunde. Dette skal gjerast ved å orientere om gjeldande vilkår som kunden må vere kjend med. Spesielt må turoperatøren gjere kunden merksam på at han er ansvarleg for å ha reiseforsikring/personforsikring og dei nødvendige reisedokumenta. Kundar frå utlandet må vere spesielt merksame på at det kan vere ulike reglar i Noreg og utlandet, og dei må sørgje for at dei følgjer det regelverket som gjeld for tenester i Noreg. Turoperatøren må vere klar på at han har rett til å endre prisen i enkelte tilfelle. Sjå avsnittet om endring i prisar, tenester osv.

Turar
Alle turar/tenester blir tilbodne under føresetnad av at det er ledige plassar i ønskt periode. Sjekk kapasitet, og bestill no!

Spesielle vilkår for grupper og agentar
Geirangerfjord Sightseeing har mannskap som syt for passasjerane sitt ve og vel under reisa. På alle bussturane våre er det med turguide og bussjåfør. Dei syt for gjestene sitt ve og vel, og for at det blir teke omsyn til behova til kvar enkelt gjest. Turguiden er Geiranger Fjordservice AS' representant under heile turen.

Kansellering for enkeltkundar
I samsvar med vilkåra våre refunderer vi ikkje kostnader for enkeltkundar. Ei bestilling er bindande når turen er bekrefta og betalt. Vi anbefaler eigen reiseforsikring som inkluderer avbestillingsforsikring. Dersom kunden blir så sjuk at turen ikkje kan gjennomførast, må kunden kontakte forsikringsselskapet. Refusjon blir gitt av forsikringsselskapet så sant kunden har avbestillingsforsikring.

Kansellering for grupper og agentar
Ved kansellering innan 3 dagar før avgang, eller viss kunden ikkje er til stades når turen begynner eller manglar nødvendig reisedokumentasjon, pliktar operatøren å krevje full pris for tenesta.
Endring i prisar, tenester osv.
Turoperatøren har rett til å endre prisar som følgje av auke i skattar og avgifter, auke i pris frå underleverandørar eller uunngåelege forhold som operatøren ikkje rår over eller hadde høve til å føresjå. Prisane vil ikkje bli endra dei siste 30 dagane før avreise.

Kundens plikter
Kunden må betale avtalt sum innan datoen som er avtalt og i samsvar med vilkåra frå operatøren. Kunden må ikkje vere til sjenanse for andre reisande. Ein person som bestiller tur for ein annan person, må forsikre seg om at den andre personen klarer seg sjølv under reisa. Våre tilsette har ikkje høve til å tilby spesialassistanse til reisande som ikkje klarer seg sjølv. Reisande må vere grunnleggjande sjølvhjelpne eller reise saman med følgje. Dersom kunden neglisjerer dette kravet grovt, kan det føre til bortvising frå tur utan rett til nokon form for kompensasjon / refusjon av utlegg for turen. Pålegg om kompensasjon til turoperatør kan bli aktuelt dersom det er teikn på at det er gjort med overlegg. Kunden er forplikta til å ha med seg nødvendige reisedokument. Tap av personlege eigedelar er kundens eige ansvar (reiseforsikring).

Operatørens rett til å kansellere turar
Turoperatøren kan kansellere turar av desse årsakene:
  • Dersom tal reisande ikkje er tilstrekkeleg til å kunne gjennomføre turen.
  • Dersom det inntreff hendingar som er utanfor operatørens kontroll, og som operatøren heller ikkje kunne føresjå på det tidspunktet då bestillinga blei gjort.
  • Dette kan vere hendingar som krig, naturkatastrofar, epidemiar, utslepp frå industri eller liknande (force majeure) som gjer det vanskeleg for operatøren å gjennomføre turen.
  • Operatøren skal informere kunden om kansellering så snart som råd. Dersom ein tur blir kansellert, har kunden rett til full refusjon av billettprisen (dersom billetten er betalt på førehand). Kunden kan ikkje krevje nokon form for kompensasjon ut over dette, med mindre kunden har lidd tap som følgje av grove feil frå operatørens side.
Klage/klagefrist
Klage på tenester må straks meldast til turoperatørens representant på staden. Elles misser kunden retten til å klage. Klager som gjeld andre forhold enn sjølve tenesta, må vere melde seinast 15 dagar etter at kunden er kommen heim, dersom det ikkje er spesielle årsaker som gjer at denne fristen må utvidast.

Alle rettar
Geiranger Fjordservice AS tek atterhald om retten til å endre prisar og om feiltrykk i tekstar, bilde og informasjon på våre nettsider. Vi tek atterhald om retten til å gjere endringar som dukkar opp etter at trykksaker, tidsplanar osv. er produserte. Vi tek også atterhald om retten til å gjere endringar i prisar og vilkår.