Kajakk guidet turs
Ver med oss på ein eineståande guida kajakktur på Geirangerfjorden og opplev det fantastiske landskapet moder Natur har gitt oss, med bratte fjell og ville fossar, medan vi padlar på ein av dei mest berømte fjordane i verda.
Du kan velje mellom tur til Dei sju søstre og til Skageflå.
Tur 1:Dei sju søstre:
Turen til dei sju søstre startar på Grande, og vi padlar til ein stad på fjorden med særleg flott utsikt til dei majestetiske fossane Dei sju søstre og Friarfossen. Vi går i land ein stad på turen for å ete lunsj, og finn ein plass som passar for gruppa. Hugs å ta med kamera for å knipse bilete du berre kan ta frå havflata og ein kajakk!
Lengd: 2-3 timar
Periode: Frå mai til slutten av september
Pris: 600 nok / born (4-12 år) 450 nok
Avgangstider: Kvar dag kl 12:00 and 16:00- (vi bed grupper om å ta kontakt med oss for eventuelle andre tider)
Inkludert: kajakkguide / instruktør, grunnleggjande instruksjon, kajakk og alt nødvendig utstyr
Transport: Turane startar frå Grande, to kilometer frå Geiranger sentrum. Dersom du ikkje har bil, kan du ta "hopp-på-hopp-av-bussen" gratis frå Geiranger. Du må då vise billett til kajakkturen, så ver vennleg å printe ut billett eller reservasjon før du møter opp.
Ver merksam på at ”hopp-på-hopp-av-bussen” ikkje går kvar dag, og berre i perioden 15.mai – 14.august.
Fjorddrosje: Vi kan også hente deg med fjorddrosje / water taxi frå flytebrygga på framsida av Jokerbutikken. Dersom du ynskjer dette, ver vennleg å bestill online på denne adressa: Water Taxi (vel Geiranger – Grande, og retur: Grande - Geiranger ) Pris ca 50 nok per person for ein veg.
Tur 2 Skageflå:
Opplev ein kajakktur med førar ut til ein av dei mest populære fråflytta fjellgardane i Geiranger. Garden Skageflå ligg på ei fjellhylle om lag 250 meter over havflata. Guiden vil gi grunnleggjande kajakkinstruksjon medan vi padlar utover den majestetiske fjorden.
Opp til Skageflå går vi på 25 – 40 minutt, og der ser vi gamle gardshus og strukturane av korleis garden ein gong var. Vi får ei eineståande utsikt til Dei sju søstre og til fjorden, og kan ta bilete av fjorden frå unike og heilt spesielle utsiktspunkt.
Guiden passar på at turen opp stien til Skageflå vert i eit tempo som passar gruppa. Totalt tek turen 4 – 5 timar i eit rimeleg roleg tempo.
BOOK HERE
Lengd: 4 - 5 timar
Periode: Frå mai til slutten av september
Pris: 850 nok / born (4-12 år) 640 nok
Avgangstider: Kvar dag kl 11:00 (vi bed grupper om å ta kontakt med oss for eventuelle andre tider)
Inkludert: kajakkguide / instruktør, grunnleggjande instruksjon, kajakk og alt nødvendig utstyr
Transport: Turane startar frå Grande, to kilometer frå Geiranger sentrum. Dersom du ikkje har bil, kan du ta "hopp-på-hopp-av-bussen" gratis frå Geiranger. Du må då vise billett til kajakkturen, så ver vennleg å printe ut billett eller reservasjon før du møter opp.
Ver merksam på at ”hopp-på-hopp-av-bussen” ikkje går kvar dag, og berre i perioden 15.mai – 14.august.
Fjorddrosje: Vi kan også hente deg med fjorddrosje / water taxi frå flytebrygga på framsida av Jokerbutikken. Dersom du ynskjer dette, ver vennleg å bestill online på denne adressa: Water Taxi (vel Geiranger – Grande, og retur: Grande - Geiranger ) Pris ca 50 nok per person for ein veg.
BOOK HERE
RECOMMENDATIONS of WHAT TO BRING:
Clothing and Footwear which can get wet, change of clothes and snacks
HOT WEATHER: Suncream and a bottle of water.
If you own a Waterproof jacket or trousers then bring those too!






