Geiranger highlights El-bil tur

Om turen

Denne turen tek deg med på ein rundtur innom fleire av dei mest spektakulære attraksjonane i Geiranger-området. Først går turen oppover mot fjellet i aust til Flydalsjuvet, der du kan sitje på ei trone og nyte utsikta mot fjorden. Deretter går ferda opp dei grøne bakkane til fjellgarden Vesterås, som har ei praktfull utsikt over fjord og fjell. Kanskje kan det smake med ein vaffel, ein kopp kaffi eller lunsj mens du er på Vesterås? Nyttar du restauranten, parkerer du gratis, elles betaler du ei parkeringsavgift på kr. 100,–.

Når du har funne roa her oppe blant sau, geit og lama, går turen vidare ned i det travle bygdesenteret i Geiranger, utover langsmed fjorden og opp dei elleve hårnålssvingane på Ørnevegen mot utsiktspunktet Ørnesvingen. Her kan du nyte ei storslått utsikt mot fjorden og fossefalla Dei sju systrene. Ruslar du nokre få minutt vidare frå Ørnesvingen, finn du Unesco-plaketten og ein sti som fører til eit anna vakkert utsiktspunkt, litt unna trafikken. Kanskje kan det vere godt å sitje litt her, for verkeleg å «kjenne» på utsikta og den evige fjorden.

Praktisk informasjon

Den som kjører bilen, må ha førarkort for personbil – hugs å ta dette med. Sjåføren må vere over 18 år, men passasjeren kan vere yngre så lenge han eller ho veg meir enn 15 kilo.

Varighet 2t

Priser  - Elbil (maks 2 pers): NOK 1695

Starttidspunkt  - Kvar time i sesongen. Møt gjerne opp ein halvtime før bestilt tidspunkt for instruksjon, overlevering av nøklar m.m.

Avgang - Geiranger

Kart

Avganger & priser

Bestill reise

Velg først datoen i kalenderen