Skip to main content

Herdalen

Meir enn ei overnatting er dette opplevingar. Straumlause overnattingar på tradisjonelle «sel» eller små hytter på seterstølar i Geiranger verdsarv gir deg ei kjensle av å vere i eitt med verdsarven – natur og kultur.

Søk reise

Holiday

Ole si hytte

Ole er bonde frå Norddal. Han har brukt Herdalssetra og området rundt til sommarbeite for dyra sine eit heilt liv – slik også tidlegare generasjoner har gjort. I det tradisjonelle “selet” eller seterhytta kan de oppleve seterlivet både slik det var og slik det er no.

Tenk deg å vakne opp i eit eventyr midt i verdsarven, i ei lita trehytte, eit tradisjonelt sel på Herdalssetra – ein sjarmerande, levande seterstøl. De kan oppleve folk, dyra og seterlivet eller sette på støvlane og ryggsekken og gå, utforske unike stiar saman med vener eller familie. Kome tilbake og sitte i varmen frå vedomnen, drikke varm sjokolade og lese ei god bok i stillheita om kvelden

Fullt