Skip to main content

Rellingseter

Dyrdalen. Eit eventyr av ein dal. Omgjeve av mektige tindar.

Søk reise

Holiday

Rellingseter

Dyrdalen. Eit eventyr av ein dal. Omgjeve av mektige tindar. Heim for Rellingsetra. Ein plass langt utanfor allfarveg og samstundes med bilveg nesten til døra. Frå Rellingsetra kan ein velje og vrake mellom turar til spektakulære tindar, utforske natur- og kulturlandskapet i dalen eller berre  oppleve fred og ro på setra.

Enkel info om hytta:
Rellingsetra er bygt på murane av det gamle «selet» eller «seterhytta». Slike «sel» vart nytta av
budeiene om sommaren då dei var på setra for å mjølke og for passe på dyra på beite. Hytta har god
enkel atmosfære og standard. Den er om lag 35 kvadratmeter og har to soverom. Det er sauer og kyr
på beite i området.
Det er:
● Straumlaust
● Mobildekning
● Hyttedo eller såkalla snurredo – ikkje vatn-klosett.
● Berre vedfyring til oppvarming og levande lys for lys
● Enkel gasskomfyr utan steikeomn
● Langt til næraste butikk og restaurant – ta med mat
● Bomveg til setra kostar om lag 50 kroner.
● Sengeklede er inkludert
● 100 meter å gå frå bilen til hytta
Meir informasjon finn de i infoskriv ved bestilling. De får følgje av vertskap som vil vise veg og hjelpe
dykk til rette.

Oppmøtestad: Norddal, Norddalstunet. De får følgje til døra av vertskapet som vil hjelpe
dykk til rette.

Kontaktinfo: krawszym@gmail.com , tlf. +47 458 32 266

Fullt