Skip to main content

Ørnesvingen El-bil tur

Om turen

Sjølv om målet for turen er det storslåtte utsiktspunktet Ørnesvingen, er vegen dit ei like stor oppleving. Du startar i sentrum av Geiranger og følgjer vegen langsmed fjorden før du legg i veg opp den spennande Ørnevegen og gjennom elleve hårnålssvingar mot målet. Frå Ørnesvingen ser du fritt utover fjorden mot den vesle fjordgarden Knivsflå og dei praktfulle fossefalla Dei sju systrene, som tett saman kastar seg 300 meter ut i fritt fall mot fjorden. Ruslar du nokre få minutt vidare frå Ørnesvingen, finn du Unesco-plaketten og ein sti som fører til eit anna vakkert utsiktspunkt, litt unna trafikken. Kanskje kan det vere godt å sitje litt her, for verkeleg å «kjenne» på utsikta og den evige fjorden.

Praktisk informasjon

Den som kjører bilen, må ha førarkort for personbil – hugs å ta dette med. Sjåføren må vere over 18 år, men passasjeren kan vere yngre så lenge han eller ho veg meir enn 15 kilo.

Varighet 1t

Priser Elbil (maks 2 pers): NOK 895

Starttidspunkt Kvar time i sesongen. Møt gjerne opp ein halv time før bestilt tidspunkt for instruksjon, overlevering av nøklar m.m.

Avgang Geiranger

Søk reise

Kart

Avganger & priser

Bestill reise

Velg først datoen i kalenderen