Liv Marit si hytte

Tenk deg å vakne opp i eit eventyr midt i verdsarven, i ei lita trehytte, eit tradisjonelt sel på Herdalssetra – ein sjarmerande, levande seterstøl. De kan oppleve folk, dyra og seterlivet eller sette på støvlane og ryggsekken og gå, utforske unike stiar saman med vener eller familie. Kome tilbake og sitte i varmen frå vedomnen, drikke varm sjokolade og lese ei god bok i stillheita om kvelden.

Enkel info om hytta:
Liv Marit si hytte er eit gamalt «sel», ca. 25 kvadratmeter som vart nytta når budeiene om sommaren når dei var på setra for å mjølke og passe på dyra på beite. Den har god enkel atmosfære og standard.

Det er:
o Straumlaust
o Utan mobildekning
o Utedo
o Berre vedfyring til oppvarming og levande lys for lys
o Enkel gasskomfyr utan steikeomn
o Sengeklede inkludert.
o Langt til næraste butikk og restaurant – ta med mat
o Bomveg til setra kostar om lag 50 kroner.

Meir informasjon finn de i infoskriv ved bestilling og de for følgje av vertskap som vil vise veg og hjelpe dykk til rette.

Oppmøtestad: Norddal, Norddalstunet. De får følgje til døra av vertskapet som vil hjelpe
dykk til rette. Kontaktinfo: krawszym@gmail.com , tlf. +47 458 32 266.