Skip to main content

Kajakk Utleige / Turer med Guide

Opplev Geirangerfjorden frå kajakk. Det er ein unik måte å oppleve fjorden på frå eit anna perspektiv!

Kajakksenteret vårt ligg berre ein eitt-minutts gåtur unna bilettkontoret på kaia i Geiranger sentrum. Senteret ligg nært ferjekaia, parkeringsplass, kaféar, butikkar og toalett. Bli med ein av våre erfarne guidar på eit kajakkeventyr på Geirangerfjorden. Vi tek deg med på ein runde forbi store klippar på veg til dei Sju Systrene. Våre stabile kajakkar er lette å padle og snu, slik at du kan slappe av og nyte naturen omkring. Tidlegare padleerfaring er ikkje nødvendig, men mykje energi, entusiasme og godt humør er til god hjelp.

Inkludert i prisen: Kajakkguide/instruktør, grunnleggjande instruksjon, kajakk og alt nødvendig utstyr.
Møteplass: Geiranger kajakksenter/turistinformasjon  (Raude kajakkar)

Discover Kayaking - 2,5 t

Bli med oss på ei kjekk og avslappande oppleving, der du kjem nært på denne majestetiske fjorden. Å padle her er fantastisk, uansett vêr, og uavhengig av kva tidlegare erfaringar du har med å padle. Turen startar i Geiranger sentrum, og vi padlar ut til naturreservart Hyskje. Herifrå er det fin utsikt mot Dei sju søstre og på vei tilbake til Dalsnibba og dei andre fjella som ruvar høgt over Geiranger sentrum. I tillegg har du god utsikt mot Ørnevegen som svingar seg oppover og ut av bygda. Hugs å ta med kamera slik at du kan ta unike bilete frå kajakken på Geirangerfjorden!

Varigheit: 2,5 timar. *Kjem an på gruppa si fysiske evne og vêrforholda på dagen.
Pris: NOK 950,- (vaksne), NOK 750,- (barn 8-15) *minimum 8 år.
Avgangstider: Kvar dag kl. 10:15, og 14:00 (Vi ber om at grupper tek kontakt på førehand om de ønsker andre tider)

The Seven Sisters Tour - 4 timar 

På denne turen, er de ei lita gruppe padlarar og de får med ein erfaren guide. Turen startar i Geiranger Centrum og tek deg ut i fjorden til du ligg mellom fossane Dei sju søstre og Friaren. Herifrå kjenner de bruset frå begge sider av fjorden. Våre guidar vil fortelje fakta og historier om Geirangerfjorden og området omkring*. Guiden vil i løpet av turen ta godt vare på deg. Gjerne ta med kamera for å forevige opplevinga og det fine utsynet frå kajakksetet.

Varigheit: cirka 4 timar.  *Kjem an på gruppa si fysiske evne og vêrforholda på dagen.
Pris: NOK 1250,- (vaksne), NOK 1050,- (barn 10-15 år) *minimum 10 år.
Avgangstider: Kvar dag kl. 10:00 eller senere 

Ta gjerne kontakt om det ikke er plasser igjen i systemet eller turen er stengt, så vil vi prøve å finne en løsning for at du/dere skal få padle

Farm Tour (Skageflå) - 5,5 timar

Turen startar ved Geiranger kajakkbase i sentrum, og tek deg ut til ein av dei mest kjende gardane i Geirangerfjorden, Skageflå. Turen går ut Geirangerfjorden på venstre side og du går ut av kajakken i Skagehola. Her startar turen opp mot Skageflå, 240 meter over havet. Det er ein bratt og spektakulær veg opp til Skageflå med ei fantastisk utsikt mot fossane Dei sju søstre og Friaren. Guiden vil fortelje om fjorden, gardane og fossane omkring. Guiden vil ta godt vare på deg. Husk å ta med kamera, så du kan forevige desse fantastiske omgivnadane. Etter eit kort opphald på garden, går vi ned att og padlar tilbake til Geiranger.

Varigheit: 5,5 til 6 timar (kajakk og gåtur) *Kjem an på gruppa si fysiske evne og vêrforholda på dagen.
Tidsperiode: Frå  mai til september
Pris: NOK 1650,- (vaksne), NOK 1300,- (barn 10-15) *minimum 10 år.
Minimum Antal Personer: 2 vaksne og maks 8 personar per guide.
Avgangstider: Kvar dag kl. 09:45. (Vi ber om at grupper tek kontakt på førehand om de ønsker andre tider)

Kart - PDF

Kajakk utleige

Er du ein erfaren kajakkpadlar? Vil du oppleve fjorden på eiga hand? Då er du hjertelig velkomen til Kajakksenteret vårt i Geiranger sentrum. Vi held ope frå slutten av mai til midten av september. Når du først kjem til kajakksenteret kan du velge mellom enkel- og dobbelkajakkar. Våre tilsette vil gi deg alt du treng av utstyr (redningsvest, spruttrekk, padleåre) samt informasjon med eit kart over området. Kajakksenteret er stengt etter 17:00.

Vi ønsker ikkje online reservasjonar for kajakkutleige, berre for guida turar. Vi har mange enkle og doble kajakkar, så det er ikkje nødvendig å booke dei på førehand. Det er sjeldan at alle kajakkane vert utleigd. Når det er sagt, er den beste måten å få sikra deg ein kajakk gjennom høgsesongen (juli, august) er å kome og leige tidleg om morgonen til ticketoffice i turistinformation i Geiranger Sentrum eller reserver via email. Vi trenger då dato og klokkeslett. Om du ikkje hentar kajakken/ane din/e leiger vi ut desse til andre. booking@geirangerfjord.no

Varighet Dobbelkajakk  Enkelkajakk 
1 time  480 NOK 360 NOK
1 – 3 timar 815 NOK 500 NOK
3 – 6 timar 1 190 NOK 625 NOK


Stranda hamnevesen sikkerhetskart Safety Map - Ras fare

 

Søk reise

Avganger & priser

Side 1 av 34

UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
1/5The Seven Sisters Tour 10:008NOK 1 250Bestill
1/5Discover Kayaking 10:15Mer enn 8NOK 950Bestill
1/5Discover Kayaking 14:00Mer enn 8NOK 950Bestill
2/5The Seven Sisters Tour 10:008NOK 1 250Bestill
2/5Discover Kayaking 10:15Mer enn 8NOK 950Bestill
2/5Discover Kayaking 14:00Mer enn 8NOK 950Bestill
3/5The Seven Sisters Tour 10:008NOK 1 250Bestill
3/5Discover Kayaking 10:15Mer enn 8NOK 950Bestill
3/5Discover Kayaking 14:00Mer enn 8NOK 950Bestill
4/5The Seven Sisters Tour 10:008NOK 1 250Bestill
4/5Discover Kayaking 10:15Mer enn 8NOK 950Bestill
4/5Discover Kayaking 14:00Mer enn 8NOK 950Bestill
5/5The Seven Sisters Tour 10:008NOK 1 250Bestill
5/5Discover Kayaking 10:15Mer enn 8NOK 950Bestill
5/5Discover Kayaking 14:00Mer enn 8NOK 950Bestill