Skip to main content

Kajakk Turer med Guide 2020

Opplev Geirangerfjorden frå kajakk. Det er ein unik måte å oppleve fjorden på frå eit anna perspektiv!

Kajakksenteret vårt ligg berre ein eitt-minutts gåtur unna bilettkontoret på kaia i Geiranger sentrum. Senteret ligg nært ferjekaia, parkeringsplass, kaféar, butikkar og toalett. Bli med ein av våre erfarne guidar på eit kajakkeventyr på Geirangerfjorden. Vi tek deg med på ein runde forbi store klippar på veg til dei Sju Systrene. Våre stabile kajakkar er lette å padle og snu, slik at du kan slappe av og nyte naturen omkring. Tidlegare padleerfaring er ikkje nødvendig, men mykje energi, entusiasme og godt humør er til god hjelp.

Inkludert i prisen: Kajakkguide/instruktør, grunnleggjande instruksjon, kajakk og alt nødvendig utstyr.
Møteplass: Geiranger kajakksenter/turistinformasjon  (Raude kajakkar)
Minimum Antal: 2 personer, maks 10 per guide.
Tidsperiode: Frå mai til september **ta kontakt med oss dersom du ønskjer å justere avreisetidspunktet for å starte turen seinare.

Discover Kayakking - 2,5 t 
Bli med oss på ei kjekk og avslappande oppleving, der du kjem nært på denne majestetiske fjorden. Å padle her er fantastisk, uansett vêr, og uavhengig av kva tidlegare erfaringar du har med å padle. Turen startar i Geiranger sentrum, og vi padlar ut til naturreservart Hyskje. Herifrå er det fin utsikt mot Dei sju søstre og på vei tilbake til Dalsnibba og dei andre fjella som ruvar høgt over Geiranger sentrum. I tillegg har du god utsikt mot Ørnevegen som svingar seg oppover og ut av bygda. Hugs å ta med kamera slik at du kan ta unike bilete frå kajakken på Geirangerfjorden!

Varigheit: 2,5 timar. *Kjem an på gruppa si fysiske evne og vêrforholda på dagen.
Pris: NOK 950,- (vaksne), NOK 750,- (barn 8-15) *minimum 8 år.
Avgangstider: Kvar dag kl. 10:15, og 14:00 (Vi ber om at grupper tek kontakt på førehand om de ønsker andre tider)

The Seven Sisters Tour - 5 timar 
På denne turen, er de ei lita gruppe padlarar og de får med ein erfaren guide. Turen startar i Geiranger Centrum og tek deg ut i fjorden til du ligg mellom fossane Dei sju søstre og Friaren. Herifrå kjenner de bruset frå begge sider av fjorden. Våre guidar vil fortelje fakta og historier om Geirangerfjorden og området omkring*. Guiden vil i løpet av turen ta godt vare på deg. Gjerne ta med kamera for å forevige opplevinga og det fine utsynet frå kajakksetet.

Varigheit: cirka 5 timar.  *Kjem an på gruppa si fysiske evne og vêrforholda på dagen.
Pris 2020: NOK 1250,- (vaksne), NOK 1050,- (barn 10-15 år) *minimum 10 år.
Avgangstider: Kvar dag kl. 10:00 eller senere 

Ta gjerne kontakt om det ikke er plasser igjen i systemet eller turen er stengt, så vil vi prøve å finne en løsning for at du/dere skal få padle

Kart - PDF

Kajakk utleige
Er du ein erfaren kajakkpadlar? Vil du oppleve fjorden på eiga hand? Då er du hjertelig velkomen til Kajakksenteret vårt i Geiranger sentrum. Vi held ope frå slutten av mai til midten av september. Når du først kjem til kajakksenteret kan du velge mellom enkel- og dobbelkajakkar. Våre tilsette vil gi deg alt du treng av utstyr (redningsvest, spruttrekk, padleåre) samt informasjon med eit kart over området. Kajakksenteret er stengt etter 17:00.

Vi ønsker ikkje online reservasjonar for kajakkutleige, berre for guida turar. Vi har mange enkle og doble kajakkar, så det er ikkje nødvendig å booke dei på førehand. Det er sjeldan at alle kajakkane vert utleigd. Når det er sagt, er den beste måten å få sikra deg ein kajakk gjennom høgsesongen (juli, august) er å kome og leige tidleg om morgonen til ticketoffice i turistinformation i Geiranger Sentrum eller reserver via email. Vi trenger då dato og klokkeslett. Om du ikkje hentar kajakken/ane din/e leiger vi ut desse til andre. booking@geirangerfjord.no

Varighet Dobbelkajakk 2020 Enkelkajakk 2020
1 time  480 NOK 360 NOK
1 – 3 timar 815 NOK 500 NOK
3 – 6 timar 1 190 NOK 625 NOK


Stranda hamnevesen sikkerhetskart Safety Map - Ras fare

 

Søk reise

Avganger & priser

Side 26 av 26

UtgåendeReisemålLedige plasserFra pris
29/9The Seven Sisters Tour 10:008NOK 1 250Bestill
29/9Discover Kayaking 10:15Mer enn 8NOK 950Bestill
29/9Discover Kayaking 14:00Mer enn 8NOK 950Bestill
30/9The Seven Sisters Tour 10:008NOK 1 250Bestill
30/9Discover Kayaking 10:15Mer enn 8NOK 950Bestill
30/9Discover Kayaking 14:00Mer enn 8NOK 950Bestill
1/10The Seven Sisters Tour 10:008NOK 1 250Bestill
1/10Discover Kayaking 10:15Mer enn 8NOK 950Bestill
1/10Discover Kayaking 14:00Mer enn 8NOK 950Bestill