Pris fra:
NOK 1 550
Dager:1
Guida kajakktur på Geirangerfjorden med alt nødvendig utstyr.
Transporttype:KAJAKK
Bestill reise

Prøv ein personlig tur med guide og utforsk den ville fjorden, området rundt og fjellgardane. Turen startar i Geiranger Kayak base i Homlong, og tek deg ut til ein av dei mest kjente gardane i Geirangerfjorden, Skageflå. Turen går ut Geirangerfjorden på venstre side og du går ut av kajakken i Skagehola. Her startar turen opp mot Skageflå 240 meter over havet. Det er ein bratt og spektakulær veg opp til Skageflå, og med ei fantastisk utsikt. Du ser rett mot fossane «dei sju søstre», «friaren» og mot fjorden. Guiden fortel om fjorden, gardane og fossane. Guiden vil ta godt vare på deg. Husk å ta med kamera, så du kan forevige desse fantastiske omgivnadane. Etter eit kort opphald på garden går vi ned att og padlar tilbake til Geiranger.

Varigheit: 5,5 timar (kajakk og hike)
Tidsperiode: Frå 1. mai til 15. oktober 2018
Pris 2018: NOK 1550,- (vaksne), NOK 1300,- (barn 10-15) *minimum 10 år.
Minimum Antal Personer: 2 vaksne og max. 10 person per guide
Avgangstider: Kvar dag kl. 10:00. (Vi ber grupper ta kontakt om de ønsker andre tider).
Inkludert i prisen: Kajakkguide/instruktør, grunnleggjande instruksjon, kajakk og alt nødvendig utstyr.
Møteplass: Homlong/Geiranger kajakk base.

Kart - PDF

Kva bør du ha med deg?
Kle og fotty som tåler vatn, klesskifte og litt mat.
Ta gjerne med vasstett jakke eller bukse om du har.

Tidlegare padleerfaring er ikkje nødvendig, men mykje energi, entusiasme og godt humør er til god hjelp.