Skip to main content

Verpesdalen

Verpesdalssetra er ein perfekt stad for ein topptur til Grjotet eller for turar i det det gamle kulturlandskapet langs Storfjorden mellom fjord og fjellgardar

Søk reise

Holiday

Evy si turhytte

Etter ein to timar tur i eit ope og levande landskap, langs Kilstivatnet, forbi Kilstisetra og over heia, kjem de til Verpesdalssetra og Evy si turhytte. I midten av naturen. Ein stad de kan finne fred og ro. Med ein imponerande utsikt over fjell og fjord. Verpesdalssetra er ein perfekt stad for ein  topptur til Grjotet eller for turar i det det gamle kulturlandskapet langs Storfjorden mellom fjord og fjellgardar.

Enkel info om hytta:
Evy si turhytte var frå gamalt av eit «sel» eller ei «seterhytte». Det er ei lita enkel hytte på om lag 20 kvadratmeter som vart nytta av budeiene om sommaren når dei var på setra for å mjølke og passe på dyra på beite. Turhytta er ikkje det originale selet. Den er ei nyare tømmerhytte med god  enkel atmosfære og standard slik ei turhytte skal.


Det er:
o Straumlaust
o Utedo
o V edfyring til oppvarming og levande lys for lys
o To enkle primusar til matlaging utandørs


Ha med:
o Sovepose, lakenpose eller sengeklede. Det er dyner og puter der.
o Maten de treng
o Toalettpapir
o Gassboksar til primus om de skal lage varm mat
o Hovudlykt
o Kart og kompass
o Varme klede
o Såpe
o Vil du høyre på radio – ta med AA batteri
Det kjem andre etter dykk, så de må forlate hytta rein og ryddig. Heng opp att sengeklede. Ta med søppel og resten av maten heim.
Meir informasjon får de i infoskriv ved bestilling og når de ringer eigaren.


Oppmøtestad: Frå parkeringsplassen på Kilsti i Eidsdal tek det om lag to timar å gå til Verpesdalssetra og Evy si turhytte. Turen er godt merka, men de treng kart og kompass i tilfelle dårleg ver. Det er også mogleg å gå til hytta frå fjorden – via Verpesdalen eller Skrednakken. Spør eigar om desse alternativa.

Kontaktinformasjon: Tlf.: +47 982 86 323. E-post: jon_olav92@hotmail.com .

Fullt