Utleige av bil, sykkel o.a.

Er du i Geiranger og har lyst til å sjå deg rundt på sykkel eller leige bil? Du kan leige sykkel hos oss og sykle til dei berømte utsiktspunkta Ørnesvingen og Flydalsjuvet. Det blir enda lettare viss du leiger ein av dei nye elektriske syklane våre. 
Frå desse fantastiske utsiktspunkta kan du beundre naturen rundt Geirangerfjorden, som er eitt av UNESCOs verdsarvområde. 

Dersom du leiger bil, rekk du både utsiktspunktet Dalsnibba og den berømte Trollstigen i løpet av éin dag.

 

Geiranger med el sykkel/sykkel

Sykle på ein enkel måte! Sykle på ein artig måte! Sykle med eit smil om munnen! Kan du tenkje deg å sykle omkring i Geiranger på ein fin og komfortabel måte? Lett i motbakkane til fantastiske utsiktspunkt samtidig som du er i aktivitet. Ser du etter: Dei beste stadane for ein fotostopp? Lett sykkeltur ....Les mer »1 dagerFra NOK 180

Geiranger med bil

Geirangerfjorden og omegn byr på majestetiske snødekte fjelltoppar, brusande fossefall, frodige marker og ein djupblå fjord.  Å leige bil gir deg fridom og høve til sjølv å bestemme stoppestader. Vi tilbyr bil for dags- og langtidsutleige. Bilen må leverast i Geiranger. Det er ikkje ....Les mer »

Guida busstur for grupper i Geiranger

Geiranger Fjordservice AS tilbyr utvalde utflukter med buss og lokalkjend guide for grupper. Vi kan òg lage spesialopplegg for mindre grupper. Alle utflukter må bestillast på førehand. Aktuelle utflukter: Geiranger – Flydalsjuvet – Dalsnibba (1 500 moh.) – Ørnesvingen (3 timar) Geiranger – ....Les mer »