Guida busstur for grupper i Geiranger

Geiranger Fjordservice AS tilbyr utvalde utflukter med buss og lokalkjend guide for grupper. Vi kan òg lage spesialopplegg for mindre grupper.
Alle utflukter må bestillast på førehand.

Aktuelle utflukter:

  • Geiranger – Flydalsjuvet – Dalsnibba (1 500 moh.) – Ørnesvingen (3 timar)
  • Geiranger – Flydalsjuvet – Dalsnibba (1 500 moh.) – Norsk Fjordsenter (3,5 timar)
  • Geiranger – Ørnesvingen – Kilsti (3 timar)
  • Geiranger – Ørnesvingen – Herdal (4 timar)
  • Geiranger – Storseterfossen (Westerås) (4,5 timar)
  • Geiranger – Ørnesvingen – Valldal Naturopplevingar (6 timar)
  • Heildagstur Øye/Hellesylt – Stryn – Dalsnibba – Geiranger (8 timar)
  • Geiranger – Dalsnibba – sommarskisenteret i Stryn (8 timar)
  • Geiranger – Dalsnibba – Briksdal (8 timar)
Vi presiserer at dette ikkje er oppsette turar, og at dei må organiserast og bestillast i god tid. Ein buss tek mellom 40 og 50 personar. Pris er per buss og per guide, og avhengig av lengda på turen. Grupper kan kontakte oss med prisførespurnad.

Meir informasjon / bestilling: 
+47 70 26 30 07 
E-post: booking@geirangerfjord.no