Vilkår
Vilkår
Generelle vilkår
Vilkår regulerer forhold mellom turoperatør og kunde. Turoperatør er Geiranger Fjordservice AS.
Bestilling og betaling
Vilkår for bestilling, betaling og depositum for endelig betaling avtales med turoperatør. Alle bestillinger er bindande. Når det gjelder online transaksjoner, er bestilling bindende med det same tenesten er betalt for.
Omfang av bestilling
Bestilling dekker alle de tenester som er avtalt mellom turoperatør og kunde. Disse tenestene er beskrive individuelt for kvar tur/teneste. Det skal takast omsyn til reisedokument, og avtale inngått mellom operatør og kunde. Det skal vere spesifisert kva kunde kan forvente i forbindelse med teneste. Dersom bestilling avviker frå program eller inneheld tilleggstenester, må dette bekreftast/ avtalast skriftlig på førehand.
Informasjon til kunde
Turoperatør er forplikta til å gjere kunde oppmerksam på dei rettigheiter og plikter som føreligg mellom turoperatør og kunde. Dette gjerast ved orientering av gjeldande vilkår, som kunden må vere kjend med. Spesielt må turoperatør gjere kunde oppmerksam på at han er ansvarlig for å sikre seg med reiseforsikring/ personforsikring og dei reisedokument som krevast. Kundar frå utlandet må vere spesielt oppmerksam på at dei kan bli gjenstand for ulike reglar mellom norsk og utanlands praksis, og sørgje for at dei følg det regelverk som er forbunde med teneste som føregår i Noreg. Turoperatør må vere klar på at han har rett til å endre pris i enkelte tilfeller, sjå del som omhandlar endring i prisar, tenester etc.
Turar
Alle turar/ tenester som tilbys er under betingelse at det er plassar ledig i ønska periode. Sjekk kapasitet og bestill no!
Spesielle vilkår for grupper og agentar
Geirangerfjord Sightseeing har mannskap som syt for passasjerane sitt ve og vel under reisa. Alle våre bussturer har med tur guide og buss sjåfør. Dei syt for gjestane sitt ve og vel, og at den enkelte gjests behov vert tatt hensyn til under reisa. Turguide er Geiranger Fjordservice AS sin representant så lenge turen foregår.
Kansellering individuelle kundar
I tråd med vilkår, vert det ikkje refundert kostnader for individuelt reisende. Bestilling er bindande så snart tur er bestilt og betalt for. Oss anbefalar eigen reiseforsikring som inkluderer avbestillingsforsikring. Dersom kunde vert så sjuk at tur ikkje kan gjennomførast, skal kunde kontakte forsikringsselskap. Refusjon vert gitt av forsikringsselskap så sant avbestillingsforsikring foreligg.
Kansellering for grupper og agentar
I tilfelle med kansellering innan 3 dagar før avgang, eller kunde ikkje er tilstades når tur tar til, eller manglar nødvendig reisedokumentasjon, er operatør forplikta til å belaste full pris for teneste.
Endring i prisar, tenester etc
Tur operatør har rett til å endre prisar som følgje av auke i skattar og avgifter, auke i pris frå underleverandørar eller uunngåelege forhold som operatør ikkje rår over, eller ikkje kan ha føresett. Prisar endrast ikkje i periode 30 dagar før avreise.
Kundens forpliktelsar
Kunde må betale avtalt sum innan dato som er avtalt, nedfelt i operatørs vilkår. Kunde må ikkje oppføre seg skjemmande overfor andre reisande. Person som bestiller tur for annan person, må sikre seg at den personen klarar seg sjølv under reisa. Våre tilsette er ikkje i posisjon til å kunne vere til spesial assistanse til reisande som ikkje klarar seg sjølv. Reisande må vere grunnleggande sjølvhjelpte eller reise saman med følgje. Dersom det vert grov neglisjering av dette krav frå kunde, kan det føre til bortvisning frå tur, utan rett til nokon form for kompensasjon/ refusjon av utlegg for turen. Det kan verte pålegg om kompensasjon til turoperatør dersom det er teikn på at det er gjort med overlegg. Kunde er forplikta til å sjå til at ein har dei nødvendige reisedokument. Tap av personlege eigedelar er kundes eige ansvar (reiseforsikring).
Operatørs rett til å kansellere tur
Turoperatør kan kansellere tur av følgjande årsaker:
- Dersom antall reisande ikkje er nok for å kunne gjennomføre turen
- Dersom det skjer hendingar utanfor operatørs kontroll, og som heller ikkje kunne vore føresett på det tidspunkt bestilling vart gjennomført.
- Dette kan vere hendingar som krig, naturkatastrofar, epidemiar, utslepp frå industri eller liknande hendingar (force majeure) som gjer det vanskelig for operatør å gjennomføre turen.
- Operatør skal informere kunde om kansellering så snart som råd. Dersom tur er kansellert, er kunde berettiga på full refusjon av billettprisen (dersom førehandsbetalt). Kunde kan ikkje krevje nokon form for kompensasjon over dette, utan at kunde har lidd tap som følgje av grove feil gjort frå operatørs side.
Klage/ frist for klage
Klage i forbindelse med tenester må vere innmelde umiddelbart til turoperatørs lokale representant på staden; elles misser kunde rett til å klage. Klager som gjeld andre forhold enn sjølve tenesta, må vere innmelde seinast 15 dagar etter at kunde har kome heim, dersom det då ikkje er spesielle årsaker som gjer at denne fristen må utvidast.
Alle rettigheiter
Geiranger Fjordservice AS føreheld oss retten til å endre prisar, så vel som feiltrykk i tekstar, bilder og informasjon på våre websider. Oss føreheld oss retten til å gjere endringar som førekjem etter at trykksaker, timeplanar etc er produsert. Oss føreheld oss også retten til å gjere endringar i prisar og vilkår.
