Booking og Informasjon
FJORDSIGHTSEEING .jpg)
Geiranger Fjordservice AS tilbyr eksklusive fjordcruise på den verdskjende Geirangerfjorden. Ein tur med Geirangerfjord Sightseeing er eit fantastisk høve til å utforske denne delen av UNESCOs verdsarvsområde i all si prakt.
M/S Geirangerfjord tek passasjerane nært inntil fossane Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret. På turen får ein også høve til å beundre fleire av dei fråflytta gardane langs fjorden, som Skageflå, Knivsflå, Blomberg og Matvik. Dersom ein ynskjer å besøke ein av fjordgardane, kan vi tilby transport-service med M/S Geirangerfjord.
Turen varer omlag 1,5 time, og det er høve til å kjøpe lette forfriskingar ombord.
Geirangerfjord Sightseeing har guiding på fem språk. Velkommen ombord!
.jpg)
DEI SJU SYSTRE
Å stå på båtdekket og kjenne sjøsprøyten frå fossane er ei heilt spesiell oppleving. Den høgaste av Systrene har et fritt fall på heile 250 meter.
FRIAREN
Det var Friaren som i følgje soga beila til Dei Sju Systre på den andre sida av fjorden. Vi passerer Friaren på kloss hald på fjordsightseeingen.
PREIKESTOLEN
Ein fjellformasjon midt oppi fjellet før ein kjem til garden Skageflå.
SKAGEFLÅ
Den mest kjende av fjellgardane og mest populær for av- og påstiging med M/S Geirangerfjord. Det var her Kong Harald og Dronning Sonja feira sølvbryllaupet sitt i 1993. Dronninga har i ettertid besøkt garden fleire gongar.
KNIVSFLÅ
Fjordgarden som ligg tett opptil Dei Sju Systre, og rett ovanfor garden Skageflå, omlag 250 m over havet.
BLOMBERG
Fjellgarden Blomberg kan ein nå via ein bratt sti frå fjorden. Garden ligg 450 m over havet, og herifrå har ein vakker utsikt utover fjorden. Ein kan sjå både Dei Sju Systre, Brudesløret og Friaren.
ØRNEVEGEN
Vegen har elleve hårnålssvingar, den øvste svingen heiter Ørnesvingen. Herifrå kan ein nyte ei fantastisk utsikt utover fjorden mot Preikestolen og dei Sju Systre. Ypparlig for å sjå cruiseskipa på veg inn fjorden.
MATVIK
Ligg heilt nede, lengst ut i Geirangerfjorden og er den av gardane som vart sist fråflytta. Dette var ein frodig gard som på det meste hadde 150 plommetre. Her dyrka dei til og med aprikosar!
