Vi har ulike biltypar tilgjengeleg for dagsbasis- og langtidsutleige. Det er også mogleg å levere leigd bil ved ein annan destinasjon. Dette inneberer leveringsgebyr (sjå eiga prisfane).


For å leige bil treng du følgjande (ved utfylling av kontrakt):
• Førarkort
• ID-kort, eventuelt pass
• Kredittkort (berre kortbetaling)
• Vi gjer merksam på at føraren og den som betaler billeiga, må vere same person
• Føraren må vere over 25 år


Vi anbefaler å bestille på førehand.
 
Dei fleste bilane har manuelt gir, men vi kan skaffe bil med automatgir for ein litt høgare pris. Vi kan også tilby barnesete.
 
Kontor for utleige: Billettkontor i Geiranger Turistinformasjon (Geiranger kai)

For meir informasjon/ bestilling:
+47 70 26 30 07
+47 70 26 56 00

Epost: booking@geirangerfjord.no