Informasjon
Turen startar med M/S Geirangerfjord frå Geiranger til faste avgangstider. Dei som ønskjer å kombinere turen med ein fottur, kan stige av ved ein av fjordgardane.
Returbillett må vere bestilt på førehand til bestemt avgang. Det er eigne billettprisar for desse turane.
Det er berre til fjordgarden Skageflå det er mogleg å kjøpe einvegsbillett, derifrå tek ein turen over fjellet tilbake til Geiranger
Dersom ein ønskjer tur til Blomberg, kan ein rekne 45 minutt frå avgang Geiranger til ein er i Syltevik (fjøra ved Blomberg). Dette vert då tidspunkt for iland- og ombordstiging. Merk at 1700 er siste avgang for retur. Det tas forbehald om endringar i oppsett ruteplan. Vennligst sjekk online-booking for eksakt informasjon. Denne oppdaterast kontinuerlig. VIKTIG: Du går på eige ansvar. Vis hensyn til naturen og omgivnadane. Hugs godt fottøy, drikke og ver varsam! |
![]() |
Om du vil kombinere sightseeing og fottur til ein fjordgard, har du følgjande moglegheiter:
• TUR/RETUR-BILLETT: 1,5 time sightseeing på Geirangerfjorden med ilandstiging ved ein fjordgard. Retur på ein av dei neste avgangane (sjå oversikt). Eksakt returtid må bestillast på førehand av kapasitetsomsyn.
Vi gjer merksam på at ilandstiging på avgang 1700 frå Geiranger ikkje gir høve for retur med båt.
• EINVEGSBILLETT: 1,5 time sightseeing på Geirangerfjorden med ilandstiging i Skagehola på veg tilbake til Geiranger. Dersom du ønskjer å gå tilbake til Geiranger over fjellet, kan du bestille einvegsbillett. Turen over fjellet tek normalt 1,5–2,5 timar. Merk at Skageflå er einaste fjordgard det er mogleg å kjøpe einvegsbillett til
VIKTIG: Hugs godt fottøy, ha respekt for verforhold og naturomgjevnader.
Generell informasjon
- Ved forhåndsbestilte/ betalte billettar til M/S Geirangerfjord, hald billett klar for billettkontroll ved ombordstigning.
- Avlagte (ikkje betalte) billetter må hentast i billettskranke 30min før båt avgang.
- Om fleire personar reiser på same billett/ bekreftelse, hald alle personane samla for kontroll.
- Ombordstigning og billettkontroll startar 10 min før avgang.
- Betaling kan skje via internett, kontant eller kreditt ved ankomst.
- Billettkontoret held til i same lokaler som Geiranger Turistinformasjon - skranke til venstre for inngang.

.jpg)