Kombiner gjerne sightseeingtur på fjorden med ein fottur til fjellgarden Skageflå. Skageflå er den mest kjende fjordgarden i Geirangerfjorden, mykje på grunn av at Kong Harald og Dronning Sonja feira sølvbryllaupet sitt her i 1993.
Det er også her på Skageflå den offisielle Plaketten fra UNESCO er plassert. Den vart avduka og signert av dronning Sonja den 12.07.2006
 
Oppstiginga er krevjande og startar ved Skagehola, der båten slepp deg i land. Råsa opp mot Skageflå er bratt og luftig, med fantastisk utsikt mot fjorden. Skageflå ligg på ei fjellhylle omlag 270 meter over havet.
Du går på eige ansvar. Vis hensyn til naturen og omgivnadane. Hugs godt fottøy, drikke og ver varsam!

Frå Skageflå er det mogleg å ta turen over fjellet tilbake til Geiranger, eller gå ned att til fjorden for å bli med  M/S Geirangerfjord tilbake til Geiranger.


Andre fjordgardar ein kan besøke med båttransport:

Frå desse fjordgardane er det ikkje mogleg å gå tilbake til Geiranger.
Tur til fjordgardane kan opplevast individuelt eller i grupper med fleire. Kontakt oss om de ønskjer guide til turen.

booking@geirangerfjord.no