Nibbevegen
Nibbevegen tek deg frå Djupvasshytta på 1038 moh. (ved RV63) til utsiktspunktet Dalsnibba på cirka 1500 moh. Du får ei uforgløymelig utsikt mot dei ville snødekte fjella, du får rein luft og UNESCOs verdsarvområde – alt på same tid. Vegen kom i stand på initiativ frå Geiranger Skysslag AS (skipa i 1907), som i 2007 har ei hundreårig historie å sjå attende på. Dette vitnar om lang og solid tradisjon, kompetanse og tryggleik.
Nibbevegen, eit pionerprosjekt og sjølve symbolet på turismen i Geiranger, vart opna i 1939.
Det flotte panoramaet frå toppen rommar fjordar, tindar og høgfjellsterreng og er ein sjølvsagt del av eit Geiranger-besøk
Nibbevegen er open frå starten av juni til sist i september.
