Dalsnibba Platået
Ein av Noregs mest attraktive fjelltoppar – 1500 moh.
Dalsnibba er ein av hovudattraksjonane i Geiranger, ein topp som er svært populær blant gjestar som besøker området. Frå Dalsnibba-platået har du ei forbløffande utsikt over det flottaste av UNESCOs verdsarvsområde, innhylla i kringliggjande fjellandskap og med Geirangerfjorden midt i.
Platået byr på stor parkeringsplass, nytt servicehus med toalettfasilitetar, butikk og ein liten kafé. I butikken kan ein kjøpe kaffi og ferske bakevarer. Her er også stort utval i suvenirar, klede og bøker.
Bygget er plassert som ei avslutning av platået mot nord. Det er utført i naturstein, tre og glas, med takflater i sink. I tillegg til dei tekniske areala inneheld bygget gjestetoalett.
