Naturperla Geiranger har mykje å by på i tillegg til storslåtte fjell, brusande fossar og  yrande folkeliv. For verkeleg å kjenne Geiranger på pulsen, er det sjølvsagt med ein tur på fjorden – slik får ein oppleve den verdskjende Geirangerfjorden på nært hald.


I tillegg er eit besøk på Dalsnibba ein naturlig del av eit Geiranger-besøk. Herifrå er utsikten over dei snødekte toppane og den djupblå Geirangerfjorden 1500 m lenger ned altoppslukande.
Geiranger-området har mange flotte turstiar. Her finn ein noko for ein kvar smak og fysikk - frå korte, lette turar til dei meir utfordrande og luftige toppturane. Sykkelturar i bratt lende er også ein flott måte å oppleve Geiranger på.


Turkart kan du kjøpe på dei fleste overnattingsstadene og på Turistinformasjonen i Geiranger.