BUSS TIL DALSNIBBA GEIRANGER

Bli med på ein av dei vakraste og mest spektakulære bussturane i Noreg. Ei oppleving du seint vil gløyme!
Denne delen av ”The Golden Route” vil ta deg med på ein tur får Geiranger sentrum, oppgjennom bygda til eit av verdas mest fotograferte utsiktspunkt; Flydalsjuvet. Derifrå går turen vidare til Dalsnibba (1500 m.o.h.) . Der ifrå kan du nyte utsikta over fjellheimen og Geirangerfjorden.
Flydalsjuvet: Eit av Noregs, om ikkje verdas, mest fotograferte utsiktspunkt. Frå toppen av det 80 meter djupe juvet kan du nyte utsikta av Geirangerfjorden og cruiseskipa.
Dalsnibba: Ein av Noregs mest lett tilgjengeleg fjelltopp som kan gjerast med bil. Dette er ei oppleving på grunn av den fantastisk flotte utsikta med 360 grader oversikt over fjellheimen og med Geirangerfjorden i botn. Bussturen til toppen tar 2 minutt total og her får ein ei oppleving av den mangfaldige naturen med den rike flora og faunaen, geologiske aspekt, krystallklart vatn og fossar, isbrear og fjelltoppar.
Opplev eit av høgdepunkta under ditt opphald i Geiranger saman med oss!
